Vi vil og takke alle dei som har stått på og jobba for at dagane skulle verte eit vellukka arrangement. Sjølv om det vert nokre hektiske timar er det sosialt og kjekt også. Ikkje verst når folk legg feriestarten til Hjørundfjorddagane og reiser 35 mil for å kome heim og hjelpe til på ei vakt begge dagar!

Ein spesiell takk til matnemnda, som er ein av berebjelkane. Dei står på heile helga og fleire dagar både før og etter arrangementet.

Takk og til sponsorar og andre støttespelarar.

Nokre glimt frå søndag 6. juni:

 Fru Pigalopp

Fru Pigalopp (Astrid Overå) og Postmester'n er på ferietur og fann seg ein eigna rasteplass på scena på Sæbø. Flott familieunderhalding.

Matkø

Grillbuda er populær.

Speiderane

Speidarane laga ei velfungerande reie

DSC_3677

Folkeliv

DSC_3678

Innleiing til debatt om villaksen.

DSC_3693

Mange tilhøyrerar under debatten.

DSC_3683

Åse, Magnhild og Vigdis, tre utflytta søstre frå Villane.

Hjørundfjorddagane er treffstad for mange familiar og gamle kjende.

DSC_3719

Team Simone frå "Det store korslaget" samla publikum framom scena.

Truleg siste offentlege opptreden frå denne gruppa.

DSC_3705

Velkomne tilbake til Hjørundfjorddagane neste år!