Hjørundfjorddagane vart i år opna av Arill Riise, som var sporty og stilte opp på kort varsel då den annonserte opninga måtte gå ut  grunna sjukdom.

Lise Stokke og Marta Riise i 7. klasse ved Sæbø skule song "Valsen til Hjørundfjorddagane" i lag med barnekoret og Jonas Jelti imponerte publikum med songen "You raise me up" akkompagnert av Lisabel Hustad Øvrelid på gitar og Marie Austrheim på piano. Nemnda synest det er ekstra kjekt når vi kan vise fram unge, lokale talent på scena.

DSC_3639

Marie Mundal Austrheim       Lisabel Hustad Øvrelid          Jonas Åmbakk

Hilde Ranheim fortalde om arbeidet  med eksamensfilmen ho har laga om rasulykka på Riise og dei som opplevde tragedia på nært hald. Filmen hadde premiere på Sæbø i dag og der var longe køar av publikum som ville sjå filmen. Den var sett opp med 3 framsyningar i dag, men måtte visast fleire gongar, så flest mogleg skulle få anledning til å sjå den kjenslesterke filmen.

For dei som ikkje rakk den i dag vert der nye moglegheiter i morgon.

DSC_3649

Småprinsesser med ansiktsmaling frå ungdomslaget (?)

Dei bad så pent om namnelappar slik at dei også kunne få lov til å arbeide litt.

Og lappar fekk dei:)

DSC_3643

Det står ingen ting om treklatring på arbeidslistene, men Rolf Egil Riise klatra lett til topps då ein uheldig ballongselgar mista heila knippet med ballongar opp i eit nærliggande tre .

DSC_3650

I matteltet er det god plass til svoltne gjester. Her er det fullt mellom programinnslaga og god plass når vi byr på underhalding frå scena.

DSC_3651

Folkeliv

DSC_3653

Røde kors demonstrerer livredding.

Publikum i ei fullsett Hjørundfjord kyrkje fekk ei fantastisk oppleving under konserten med Ytre Suløens Jass-ensemble og Tricia Boutté i kveld.

Orgelet i kyrkja fekk også svinge seg i lag med Ytre Suløens i kveld. Mange var ei stund litt i villreie då heile gruppa sat med instrumenta i fanget og livleg orgelmusikk høyrdest i kyrkja. Slik kan det gå når ein pianist, som også er kantor, får snike seg nesten usedd ned langs benkane og liste seg opp trappa til galleriet. 

Alle musikarane i Ytre Suløens Jass-ensemble leverer så det held, men underteikna vart spesielt imponert av ein lengre tubasolo. Du og du for eit spel...

Tricia Boutté si stemme kan vanskeleg beskrivast. Ho fyller lett heile kyrkjeromet med stemma si aleine. 

Som sagt, ei fantastisk oppleving!

No i kveld er det plattingdans i Bondalsparken (Åmdal ungdomslag er arrangør) og endå ein dugnadsgjeng går natteramnar i Sæbø sentrum.

Nemnda takkar publikum og dugnadsgjengen for ein flott dag og ønskjer alle velkomne til Sæbø og Hjørundfjorddagane søndag 6. juni:

Filmframsyning kl. 12.00 (Hilde Ranheim sin film om Riseulykka)

Familieunderhalding ved Astrid Overå kl. 13.00

Filmframsyning kl. 14.00 (Hilde Ranheim sin film om Riseulykka)

Kl. 15.00 får vi ein tidsaktuell debatt om villaksen

Filmframsyning kl. 16.00 (Hilde Ranheim sin film om Riseulykka)

Kl. 17.00 får vi høyre Team Simone

Sal av rømmegraut, grillmat, kaffi og kaker.

Mange flotte salsutstillingar

Mannekengoppvising med meir.

 Ta turen til Sæbø søndag!