Frå kl. 17- 18.15 var det trening for jentelaget, 1. og 2. klassingane. Her kjem nokre bileter av 1. klassingane som eg er så heldig å få vere trenar og oppmann til.
055
Her er dei 9 som var på trening i dag, oftast er vi faktisk 11 av 11 så dei er ivrige og flinke.
054
Her er det full fres. Treningane brukar vi å starte med litt lett jogg før vi går over til ball aktivitetar. Vi trenar på alt frå enkel sentring, innkast, mottak og skudd på mål. Alle treningar vert avslutta med kamptrening.

Etter dagens trening gjekk mange av oss bort på grasbana for å sjå på turneringa til gutar 10 år. Det var 6 lag med og det vart spelt på 3 baner. Det var 3 lag frå Volda, 1 frå Austefjord, 1 frå Folkestad i tillegg til Sæbø. Så her kjem nokre bileter frå turneringa.
057
Her er nokre av Austefjord sine ivrigaste supportera, og i bakgrunnen er Austefjordspelarar i aksjon.059
Her spelar Sæbø mot Volda 2. Det var gjort ein feil i kampoppsettet så det vart 2 kampar på rad mellom Sæbø og Volda 2, men eg trur ikkje det gjord ungane så mykje. For som ein av spelarane sa; då slapp me å helse på kvarandre på andre kampen.
058
Her er nokre av Sæbø sin heiagjeng. Dersom nokon lurer på kvar foreldra til spelarane er så var mange av dei opptatt på kjøkkenet med kiosk sal. Kiosk salet på desse turneringane er ei av hovudinntekts kjeldene til Barneidretten.
063
Og her er gutta boys frå Sæbø ilag med trenar Øyvind Taklo.

Vil nytte høvet til å takke alle spelarar, foreldre, tilskodarar og motspelarar som var med på å gjere dette til ein kjekk fotball dag.
Og ikkje minst må ein takke dei 3 kjekke ungdommane som var dommarar i dag. Takk til Eivind Dimmen, Olai Eikrem Riise og Gaute Myhre Holen. Desse 3 er også med som trenarar på Barneidrett i tillegg til Emilie Ville og Elen Holen.