Fotografen er ukjend og biletet er handkolorert. Bryllaupsfølgjet er oppstilt der det i dag er parkeringsplass for hotell Union Øye. Union var ferdigbygt og opna året før, 1892.

Bryllaup Bård 1893

 Året er 1893: Bryllaup i Bårdgarden på Øye.
Kanskje er det nokon som har namn på
bryllaupsgjester? Kommentarfeltet er disponibelt!

Framom brudeparet poserer den kjende spelemannen Ola Kjelstad frå Sunnylven. Motane har skifta sidan den gong, men dei upressa mannsbuksene og jakker med berre øvste knappen i bruk, er ikkje heilt framandt i dag. Mennene stiller i hatt, unggutane med skjolda-hue, kvinner og jenter med sjal til hovudplagg. Vi merkar oss at dei fremste jentene er heilt unge, 12-14 år. Dei kan sjå langt eldre ut, men det er nok fordi dei har klede som liknar det dei eldre kvinnene bakom brukar.

Berta og Lars flytte til Tryggestad og blei der fram til 1899. Men då det sto føre brukarskifte i Bårdgarden, vart det desse to som tok over frå år 1900. Lars tok då Øye som etternamn og dei to dreiv garden fram til 1938 då sonen Ansgar overtok.

Næraste huset er den skeivsperra stova i Toregarden med Toreløa bak. Dette huset står den dag i dag. Til høgre for Torestova ser vi Bårdløa. Rett over taket på denne løa ser vi hotell Retiro – bygt 1890 - på Storholen over Norang-gardane. Lengst t.h. ser vi litt av det eldste hotellet på Øye, Fønix, truleg ferdig i 1887. Flaggstanga og flagget kan vere hotellet sitt, men det kan og høyre til i Bårdgarden, der bryllaupet sto. Våningshuset er skjult bak Fønix.

Vi merkar oss at det er eit reint, norsk flagg som er heist. Det fanst reine norske flagg i bygda, men desse var ikkje lovlege. Då kong Oscar II vitja Øye 3 år etter dette bryllaupet, hadde lensmannen si fulle hyre med å hindre at eit slikt flagg vart brukt. I første omgang vart både flaggstanga og flagglina konfiskert, men nokre ungdommar rigga seg til på eit nausttak i nærleiken og fekk tona flagget. Kongen let som han ikkje såg det. Det offisielle flagget skulle ha dei svenske fargane i øvste hjørne ved stanga; ”sildesalaten” vart det kalla.