Stasleiker med vatn under kjølen

Til vanleg sto desse leikebåtane på pynt i heimen, men her er dei i sitt rette element.  Det er nok dei trufaste fjordabåtane som har vore modell i utgangspunktet.  Her flyt dei så fint på Langhølen som var ein velegna leikeplass for gutane på Indre Urke. Leikedammen låg i området mellom skulen og Storelva.

Gamle dager Urke 005 (2) 

Torbjørn Urke, f. 1942, er den stolte eigaren ”Prins”, båten lengst borte. Broren Fred, f. 1955, eig den andre. Det var mange misunnelege blikk frå andre som måtte nøye seg med enkle fjølbåtar. Torbjørn sin båt står framleis på stasplass i barndomsheimen på Eikebakken på Urke, medan Fred har sin med til Gjøvik der han bur.

Båtane er laga av far til dei to, Magne F. Urke, som var vegarbeidar på mange anlegg rundt om på Sunnmøre i tretti år frå 1945. Når vegarbeidarane budde i brakker, fekk dei tid til ulike syslar etter arbeidstid. Magne var svært oppteken av båtar. To-tre av brødrene hans dreiv eit båtbyggeri i bygda nokre år etter krigen.

Magne la ned mange timar arbeid med enkle reidskap når desse modellbåtane skulle formast. Ein kvass tollekniv var god til det meste. Skroget vart uthola ned til 3-5 millimeters tjukn av svartor som han fann inne i Austefjorden. Deretter vart skroget innsett med linolje slik at treverket ikkje skulle sprekke. Alle deler av overbygget er handlaga i lange kveldar på brakka. I kjølen er plassert bly som held båten i rett stilling.

Dette er produkt frå dei første etterkrigsåra då det ikkje var tilbod på - eller høve til - å gå i butikkar å handle slike klenodier for kvardagsmenneska. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg strålande guteauge som fekk desse gåvene til jul.  I ettertid kjem tankane om ein stolt far som kunne gi frå seg slike gåver - forma med kjærleg vegarbeidarhand - til dei to gutane i familien.

Det er Torbjørn sjølv som har fotografert ”skipsflåten” i familien. Og då eg fekk kopiere biletet, fekk eg lyst til å fortelje denne soga frå dagleglivet til ungane på den tida. Det er vel ikkje slik det skjer i dag?