Harald Vadseth hovudutstillar.

Han kjem frå Ålesund, der gjekk han også på kunstskulen i -77 til -82 og tok undervisning i aktteikning, oljemåleri og diverse andre teknikkar, eller har han gått i lære hos fleire kunstnarar.

Dei siste ti til 12 åra har Vadseth lagt ned bedydeleg arbeid med å utvikle seg gjennom teknikkar innan måleri og pastell. Han søkjer heile tida etter å ta eit steg vidare, for å reindyrke uttrykka i bileta sine.

Vadseth har hatt mange seperatutstillingar, og deltatt på fellesutstillingar rundt om i landet.

Bilete i eigen teknikk Are Tollan

Bilete i eigen teknikk av Are Tollan

 

Fleire frå Ålesund

Kirsti Villanger frå Ålesund kjem også til Sæbø med måleri, ho er kjend for sine nydelege fargar ho målar både figurativt og non-figurativt. Dette er fyrste gongen Villanger stiller ut i på Søre Sunnmøre. Elles har ho hatt seperatutstillingar mellom anna på Doktorgarden i Selje.

Lokale kunstnarar.

Keramikar Eve Lis Eikrem med atelier og galleri i Ørsta sentrum stiller på Hjørundfjorddagane. Ho er ein dyktig keramiker. Lagar svært varierte og spesille ting til pynt og bruk, men også nydelege brukskunst som skåler og fat. Fargane hennar er svært vakre, ein del i natur og brunnyansar.

På Sæbø deler Eikrem utstillingslokale med Tove Stavem, annerkjent kunstnar frå Volda. Desse dyktige kvinnene har tidlegare også hatt utstilling ilag, kunsten deira kler kvarandere.

Også Stavem har hatt utstillingar mange plassar i landet, ho er kjend for sine nydelege komposisjonar og flotte fargar.

Diagonal jakke Aud hjelle

Quilting og kledesignar.

Også i år kjem Aud Hjelle frå Lote i Nordfjord, ho likte seg svært godt under Dagane i 2009, og tinga plass alt då for dette året. Ho har flotte jakker i ull som passar perfekt til den vaksne dame.

Caty.

Chatrine Yksnøy, klesdesigner med varemerkey Caty stiller for fyrste gong på Hjørundfjorddagane, ho tek utgangspunkt i eit stykke tøy t.d. som har fanga blikket hennar, og designar kjolar eller skjørt ut ifrå det eller annan inspirasjon ho får. Både Cathrine og Aud vil vise kle begge dagane.

Quilting.

Quilting vert berre meir og meir i vinden. Dette er ein gammal husflid tradisjon som opphaveleg kjem frå Nord- Amerika. Kvinnene der tok med seg det dei hadde av stoffrestar eller og så sette dei saman delane til mellom anna sengeteppe. Nauda var ofte stor, så gjenbruk måtte til. I Norge vert desse nydelege handarbeida sett sirleg saman av nytt stoff.

Knivklubben og trearbeide.

Også menn som vitjar Hjørundfjorddagane skal finne utstillingar som fengjer. Medlemmar av Ørsta knivklubb stiller med vakre knivar. Handtaka er dreia, pussa og forma i ulike tresortar slik at åringane og treslaget kjem godt fram. Medlemmar i klubben vil også vise korleis dei jobbar.

Tusenkunstnaren Arne Ola Grimstad lagar vakre småting i ulike tresortar, han vil i år ha salsutstilling. Turkoppane hans må spesiellt nemnast. Dei er nesten for fine til å drikke av. Læraren Arne Ola vil også formidle korleis tinga vert laga og kva die er laga av.

Salsutstillingar.

Alle som stiller ut på Hjørundfjorddagane med kunsten eller handverket sitt sel produkta sine. Difor er slike utstillingar atraktive plassar å kjøpe dei spesielle gåvene.

Gle dykk, der vert mykje fint å sjå!

 

Hjørundfjorddagane 2010

Synnøve Rekkedal Hill