Billettane kostar kr. 250,- pr. vaksen og kr. 100 pr. barn t.o.m. 15 år.

Ytre Suløen Jazzensemble har vore i Hjørundfjord kyrkje fleire gongar tidlegare og kyrkja er særs eigna til deira musikk.

Denne gongen har dei med seg den dyktige songaren Tricia Boutté frå New Orleans. I tillegg til eigne prosjekt har ho mellom anna spelt i lag med Fats Domino og Harry Connick. Du kan lese meir om henne på heimesida hennar her: http://www.teedyworld.com/home.html

Dette vert ein fengande konsert!