Fjosen kom til Rise i 2007 frå Gotene på Kvistad. Ja, dei var forreste to. Store og Lissjefjos.

DSC00002

Her er Marie og Hallvard med Store og Lissjefjos like etter at dei kom til gards.

Dei fann seg fort til rette i fjøsen, men ein dag eg dreiv å mjølka kom Lissjefjos springande og la seg rett ned og drog sine siste sukk. Storen sprang bort til og prøvde å leike med Lissjen, men det nytta ikkje. Eg trur at ei ku hadde trakka på ho.

Etter ei tid slutta Storefjos å mjaue etter den som hadde reist til kattehimmelen, og fann seg godt til rette mellom kyr og kalvar.

Men så vart fjøsen tømt for dyr og flytta i fellesfjøsen. Det gjekk ikkje lenge før Fjosen kom "att i veia".

Først bodde den i mjølkeromet, men til slutt kom den inn til dyra, og fann seg godt til rette der også.

Fjos 004

Fjosen er kompis med kalvane og er ofte både våt og sleip av kjærteikna.

Fjos er forresten hokatt og har hatt eit kull med ungar, men i det siste har det gått skeis. I januar vart brått kjeledressen til Asbjørn blodete og fæle etter at katten hadde brukt den til seng. Asbjørn trudde at den hadde hatt "uka si", men det var nok helst ein abort.

Så kom februar. Ein dag remja og let fjosen så ilt at vi forsto at no barst det i paringa. Mjaurr rjaurr rjau rjau, let ho, så vi slepte ho ut døra, og borte var ho.

I to mnd var fjosen ikkje å sjå, så eg rekna med at ein bil hadde sendt ho i kattehimmelen.

Men ein  morgon eg var ferdig med fyrste ykta kom eg ut og der låg Fjosen oppå panseret på traktoren som om ingenting hadde hendt.

På to mnd hadde det oppformert seg mykje mus så eg vart glad at ho kom att. Eg henta mat og vatn og slepte ho inn.

Fjos 008

Gjensynsgleda var stor, men Fjosen sa ingenting om kva ho hadde styrt med. Ikkje såg ho ut til å vere på tjukken heller, heldigvis.

Det var då Magne henta inn ekspertise. Katten vart henta til avhøyr inne på kontoret.

Fjos 009

Her er Fjosen på veg til analyse på kontoret. Sjekkar at alt er trygt før ho går mot sofaen.

Her er analysen frå kviskraren.

Fjos 010

 

Fri flyt:  Boblene, boblene, såpebobler.  Denne sofaen var jammen god. Her fann eg meg eit fint hjørne! Ser eg ut glaset ser eg kvitt skum, kvit masse som kjem sprøytande gjennom røra. Den skal ut til folket.

Her er det greidt å vere, har full oversikt her. Mykje plass. Kyr er jammen store, men ikkje alltid lurast. Intelligens har ikkje alltid med størrelse å gjere. Det gjeld å skape seg litt oversikt, det er slik ein får innsikt og kan utvide sitt perspektiv.

Inn i mellom vert dei små kår vel små. Då treng eg litt meir "space" rundt meg. Høyre fuglane kvitre og elva klukke.

Fjos 011

Kvar har du vore?

Litt sånn "dann og vann". Ute i skogen, kvesst klørne mine og kjent kvar eg høyrer til i naturen. Kyr kan ikkje spasere rundt slik som eg. Dei har ikkje den friheita som eg tek meg når det passar. Dei har det enklare med maten enn eg har det. Eg må fange mus for nytta, og dei levere mjølk. 

Kvifor kom du hit, og ikkje ville vere i den andre fjøsen der du var før?

Det har også med buskapen å gjere. Vi heng litt saman. Eg er slik som nissen som vart med på lasset. Den kvinnelege fjøsnissen, med andre ord.

Eg luskar litt rundt her og der og prøver å sjå til at alt går føre seg som det skal.

Men lat meg ikkje verte stengt inne!

Fjos 012

Mi friheit er stor. Eg likar meg svært godt her, og denne sofaen var god! 

Skaff meg eit klorestativ med godlukt på. Det treng ein skikkeleg fjøskatt som skal fange mus. Ikkje kjøpelukt nei. Sniff, sniff, fjøslukt er godt. då føler eg meg heime.

Energimessig heng eg saman med nokre av kyrne her. Det er som ein allianse. 

Har du følelsemessig ubalanse?

Nei, har det ganske bra når eg får gjere som eg vil. Ein tur på eigenhand inn i mellom er no best å få til.

Følelsemessig årsak?

Tilpasse meg dette livet her, som er noko anna enn det var før. Litt anna energi og mykje nytt, større forhold. Kyr frå andre gardar.

Støttesetning: Nye kattar er velkomne.

Ei opplysning må eg kome med. Kattekviskraren er ei dame. Det er nok grunnen til at meir nærgåande spørsmål om kattamånaden ikkje kom på bana. Det er vel ikkje sikkert at Fjosen hadde svart på det  heller.

 

Fjos 003

I kveld sat Fjosen uskyldig som om ingenting hadde hendt og vore sagt.

Men mysene har minka i antal , og linerla held seg klokeleg oppunder taket.