Fredag, 30. april, var det ny dugnad i Grendalaget. I området mellom Urke Landhandel og brua skal det bli ein naturleg stoppeplass for å hente informasjon om alt Urkebygda kan tilby sine gjester.

P1030851

Før sommaren er komen, skal det på desse murane vere reist ei informasjonsbu i Urke-bygda. Her er grunnmuren på plass og eit skogaløe-inspirert bygg skal fortelje gjestene om tilboda i Norangsfjorden. "Fotsoldatane" i Grendalaget pustar ut etter dugnadsjobben siste fredag. Frå venstre: Johan Arnt Leknes, Per Urke, Svere H.Urke, Kåre Jon Berg og Helge Urke. Foto: Eldrid Øye.

Informasjons-bua som skal reisast på desse murane, skal vere på plass kvelden 15. mai, håper leiaren i Urke Grendalag, Eldrid Øye.

Bua vert finansiert i første omgang av Grendalaget sin eigne midlar, men ein vonar at Hjørundfjord Bygdemobilisering kan yte eit tilskot til laget for dugnadsinnsatsen. Eldrid Øye ser at fleire bygder treng slike tilbod og denne kan vere ein mal for andre.  Arbeidet med det viktige informasjonsmateriellet er godt i gang. Framfor sommarsesongen skal mykje av jobben vere gjort.

Når bygget er på plass, vil vi kome tilbake med framhaldssoga til dette grunnlaget som vert presentert i denne omgangen.