13. mai innleier den mest ovale helga denne våren. For mange kjem fridagane i eitt strekk fram til og med måndag, 17. mai.

Men torsdag den 13. - Kristi Himmeldartsdag - er dagen då den årlege helselagsbasaren på Urke står på agendaen. Heile 4 timar går med frå start til slutt, medrekna ein solid matpause der kaker, kaffi og brus er gratis.

Urketur mai 09 024

Grendahuset er alltid fullsett når Helselagsbasaren går av stabelen.

Urketur mai 09 029

"Her!" er signalet om fast fisk. Stian Berg signaliserer gevinst. Dei gamle, gode bedehusårane er framleis i bruk etter nær 100 års bruk. Men åretalet måtte aukast for nokre år sidan, men dei nye er i same stil.

Urketur mai 09 031

Tuva Aresdotter Urke var ikkje misfornøgd med resultatet på Helselagsbasaren i fjor. Posen med snop kalla fram godsmilet.