Endå fleire har no skaffa seg eit digital kamera og dei fleste tek gode bilder og er tilfredse med resultata. For mange er dei gode bilda eit produkt av dei avanserte moderne digitalkamerane som er i alle prisklasser. Men det er ikkje alle tider teknikken strekker til, og då er det stor skilnaden mellom ein kreativ fotograf og ein som overlet alt til kamera sjølv å bestemme. På mange kamera kallast dette grøn sone.

Portalen har kontakta Fotograf MA(ma ortiz), som er kjent for å være ein kreativ fotograf, om ho kunne tenke seg å halde fotokurs på Sæbø. MA takka ja, og henvendelsen vart ho glad for, og uttrykte at dette vert eit utfordrande oppdrag for ho.Du kan verte betre kjent med fotografen ved å lese og sjå fotoarbeid frå henne på heimesida.

Vi har diskutert litt kvar vi skal halde til, og skal vi lage det enkelt for dei frå fjorden å delta, så må vi bruke eit lokale på Sæbø, og då er skulen eller idrettslagshuset som er aktuelle. Å halde kurs ved fjorden gjer det også enkelt å finne motiv som beveger seg, og er ein fordel når det skal lærast om lukkertida sin virkning på resultatet.

fotograf_MA-1

Fotograf MA(ma ortiz) i sitt studio på Håvoll

 

- Kva kan du tenke deg og lære frå deg på eit slikt kurs MA?

-Ei generell innføring. Eg tenker 3 kurskveldar á 3 timar pr. kveld. Det er ennå ikkje fastsatt kurs datoar, då eg er villig til å ta det  anten intensivt med 3 kveldar på ei veke, eller  ein kveld i veka. Her må kursdeltakarane  kome med innspel.

Vi satsar på  kursoppstart i juni, slik dei har kunnskapar nok til å ta perfekte feriebilete. Kurset skal handle om innføring i generell kamera teknikk, blendar, lukker, iso,  å lese lys, blitz, komposisjon, hvitbalanse etc.

Det blir gitt oppgåver  til neste kurskveld, med gjennomgang.

Påmeldinga er bindande, med ei kursavgift på kr 1000,-.

Mykje av dette er felles kunnskap om du har eit enkelt kompaktkamera eller eit avansert speilrefleks. Ved eit speilreflekskamera er moglegheitane for kreativitet mykje større.

Det vil være gunstigt å ha 10 kursdeltakarar.

 

Påmeldingsfrist 10. juni. Tlf. 90203236 (helst SMS) eller mosveise@tussa.com

 

Bruk gjerne kommentar her eller gå inn på forum for å diskutere kurset med Fotograf MA!