Kaffi, te, solbærtodd.... vala er så mange at det kort og godt vert eit problem.  Så dagens spørsmål seier seg sjølv - kva skal vere på termosen?

039b
Olav, Lill og Fred Ingar har alle termosar med seg, men kva er det som er i dei?

Mi personlege erfaring er at kaffi ikkje er godt nok når det er kaldt og ein fjelltopp er målet.  Ved slike høve ser eg bort frå kaloriar og lette variantar.  Nei, i vinter har det gått mykje på sterk solbærsaft/solbærtoddi, evt. svart te med mykje sukker.  Ikkje sjeldan vert dette også einaste næringsinntaket på toppen - matpakken ligg ofte i sekken til eg kjem heim.

IMGP0581 kopi
Ronny Haugen likar Tine si Sjokomelk

Kaffi er sjølvsagt godt, men helst når det er god temperatur og godt vêr.  For å gjere denne meiningsmålinga litt vanskeleg, er det berre eitt alternativ som gjeld, altså t.d. kaffi eller te på turen - ikkje begge deler.

Kom gjerne med ein nkommentar under om du har synspunkt, elles klikkar du på eit alternativ i meiningsmålingsfeltet i venstre marg.