I Håkon si lue landa ei tjukk, feit humle og tok seg ein pause. Hallvard fant ein edderkopp som han vil temje og ha med seg heim. Det gjer ikkje noko at den kanskje bit, for det er ikkje farleg fortel han oss.

120410  120410 - edderkopp

Treda står utan lauv, men dei er fulle av barn i gult, raudt og rosa. I Sæbø barnehage klatrar barna i trea, høgt opp! Ja, vi innrømmer det, dette skjer heile året og ikkje berre om våren. Regelen er grei: den som kjem opp og ned utan hjelp klarer seg godt i trea.

120410 - klatretre  120410 - klatretre2

Sandkassa har vore gøymt under masse snø i fleire månader, no tiner ho fram og sanda er mjuk slik at vi kan grave i den. Barn og vaksne hjelper til med å måke bort snøen, slik at heile sandkassa skal bli snøfri fort.

120410 - sandkassa

Området bak barnehagen har vore stengt i vinter, i dag opna dei vaksne opp og kva fant vi: Silebana var komen fram att!

120410 silebana

Og endeleg, endeleg vart snikkarbuda opna igjen. Her vart det full aktivitet og fleire båtar vart raskt spikra saman.

120410 - snikkerbuda

Nokre barn ville smide, og opps - der vart det hol i ei regnbukse. Læringa er at når ein smider skal ein sitte med beina breitt i frå kvarandre og arbeidet midt i mellom.

120410 - snikkarbuda

Det er VÅR og barn og vaksne nyt det. Spesielt når sola skin og gir varme i Sandvika. Måtte vi få fleire slike gode dagar der vi kan glede oss over den nye årstida.

God vår!