1971 var den første av 3 snøfattige vintrar, i alle høve nede i dalen, men i høgda var det tildels farlege forhold ei stund. Forskjella var at det var lite folk som gjekk på toppane så tidleg på vinteren.

Vi la merke til at heile sida frå Kvistadhaggarden og inn til setra stakk i ei einaste fonn. Sjølv om det var kramfonn såg det stygt ut for Kvistadsetra. Nokre dagar etter gjekk Andreas Hustad, Bjørn Hustad, Bjarne Hustadnes og underteikna inn i Kvistaddalen for å sjå korleis det såg ut.

avfoto 2 (7)

Kvistadsetra var like heil, men råsa var vanskeleg å finne. Dette var ca. 10 år før vegen vart bygd. Biletet har eg teke eit lite stykke heimanfor setra.

avfoto 2 (8)

Her er det pause i ei fonn, eg trur det var mellom Storsetra og Kvistadsetra.

frå venstre: Andreas, Bjørn og Bjarne.

I 1979 gjekk det også bra med Kvistadsetra, men Årsetsetra vart utteka etter ei fonn frå Kvistadsida.

Dette skjedde nok den 9. eller den 10. februar. Og den 21. februar tok eg turen inn i Kvistaddalen for å sjå korleis det såg ut. Og det var eit hav av fonner. Mjellfonner denne gongen.

21. feb,79 Kvistaddalen

Eg står vel her omlag på Storsetra, og det er ikkje mange stader som har vore trygge.

Årsetsetra 79

Her er Hauaselet på Årsetsetra som har seilt ca. 50 meter mote bakken. Til høgre ser ein Kvistadsetra midt mellom fonnbredane.

21. feb. 1979

Her er eg komen nesten inn på Vasstøylen, og ein ser korleis Hauaselet er flytta oppover etter fonna frå Kvistadsida.

Rasmus- Knut 79

Rasmus-Knut var også på inspeksjon. Her står han på fonnbreden. Trolldalen i bakgrunnen. Oftast traff eg han med gummistøvlar og ski, men denne gongen ser det ut til at han har truger i hendene.

Det var eit uvanleg snøfall som til slutt skada Kvistadsetra. I 1982 var våren i emning. Kvistadkarane hadde køyrdt inn skjelsand til dyrkingfelta sine. Det var tøya heilt inn på Kvistadsetra Skjærtorsdag, 8. april, då  eg var ein tur inn på Høgehauen.

Langfredag tok det så smått til å snøve. Før 2. påskedag var over hadde det lava ned over ein meter med tung snø i høgda. Då gjekk fonna og gjorde skade på fleire sel.

003

I år er det også dårleg feste for snøen. Lite snø i fjellet gjer at det er ingen fare for bygningar, men for skituren kan det vere farleg om ein tek sjansar.

Her ser ein korleis snøen har slept taket og gått ned i Villadalen.

015

Grøtdalstinden frå austsida er ein fin vårskitur, men i år er det kanskje ikkje å tilrå. Sjå korleis snøen har slept underlaget fleire stader.  Eg har ikkje sett liknande før oppi Vasshjellane.