Eg tenkje alltid det same: For eit ansvar dei har som skal halde kontrollen på dei!

Men Reidun og Grete ser rolege ut. Men det er ikkje lett å halde lydnivået nede.

Likevel, det skjer uventa og fort, ikkje alltid høyrer eller vil dei høyre heller. Men sjarmen er på topp.

April 2010 003

Dei stiller gjerne opp for fotografen, og ein treng ikkje be dei om å smile.

Spørsmåla er mange og eg høyrer berre så passeleg, men dei ser ut til å vere nøgde med goddag mann øksaskaftsvara dei får.

April 2010 004

Endeleg er dei inne for å sjå på kalvane. Eg prøver å sjå kvar dei høyrer heime, men må ha hjelp av Reidun og Grete, og då greier eg å lese heim att nokre av dei.

April 2010 005

Kalvane er vane med både katt og mus og vaksne folk, men dei forstår nokså fort at dei små grøne er like ufarlege.

April 2010 006

Det er ikkje lett å få alle ansikta på bilete samtidig, så eg legg til eit ekstra i håp om at alle kjenner seg att. Om du klikkar på bileta så er dei nok enklare å kjenne att.

I alle fall er det friske og kvikke avleggarar for Hjørundfjorden si framtid.

Takk for eit triveleg besøk!