Hilde Muren har vore styrar i Sæbø barnehage i 10 år og søkjer permisjon for å prøve seg på litt andre utfordringar. Ho skal arbeide som førskulelærar i ein annan barnehage i Ørsta kommune, men det er ikkje fastsett offisielt endå, kva for ein.
 
Men når Hilde søkjer permisjon så må det lysast ut etter ny styrarvikar, og vikaren er allereie tilsett og kjem frå utlandet. Men nyestyraren er slettes ikkje ukjende på våre trakter, for Lisbeth Vatne Nielsen (37) er frå Vatne i Åmdalen, og for dei som ikkje er heilt lokalkjende så er Vatne den fyrste bygda vi treff på når vi kjem over frå Bondalseidet mot Ørsta. Lisbeth kjem flyttande heimatt med mann og sitt 9 månadar gamalt barn.

IMG_9860_2

Lars, Elias og Lisbeth. Bilde er teke i Kvanndalen i haustferien med Storetinden i bakgrunnen.

Hilde Muren 2006
Håper vi får
ein ny familie
til bygda seier
Hilde Muren

-Sæbø barnehage har vore ein flott arbeidsplass desse ti åra, og det er gledeleg at ein slik permisjon kan få ein ny familie til bygda. No vil eg berre håpe at einkvan kan leige ut eller selje eit hus eller eit småbruk, til den nye familien, for unge familiar er noko som vi virkeleg må ta imot med opne armar og eg vil ynskjer dei velkomne til bygda, seier Hilde Muren.

Hjorundfjord.no er sjølvsagt interessert i å verte kjend med denne dama som vil bryte opp med ei fast stilling i København for å kome til Sæbø til ei vikarstilling.

 -Dette var gledelig og kjempegode nyheiter for oss i Bondalen/ Sæbø at vi kan få ein ny familie til bygda.
 
-Kan du seie litt om kven dokke er?

 -Vi er ein familie på 3 som ynskjer å flytte frå København – (der vi har budd i 7 år) - til Ørsta, gjerne Sæbø då eg har fått jobb i  eit års vikariat på Sæbø frå 01.08.2010.

 -Eg har arbeidd som pedagogisk leiar i barnehagar i Oslo og dei siste åra som styrar i København. Eg var ferdig utdanna førskulelærar frå Volda 1997.

 -Mannen min heiter Lars og er 43 år og utdanna smed og lærar, men er også god til å restaurere hus.

Han har ikkje fått jobb endå, men har fleire ting i gjere og er klar for å innstille seg for muligheiter som byr seg.

-Det er viktig for oss å flyttar til ein stad for å finne ein plass, sonen vår Elias, kan vekse opp og der vi alle tre kan trivast. Ørsta,  Åmdalen, Bondalen og Sæbø  har dei verdiane som vi ynskjer at sonen vår skal vekse opp i. Livskvalitet er noko vi set høgt, seier Lisbeth

-Og for dei som er lokalkjende så er du oppvaksen som ein av våre nærast naboar til Bondalen, og då vil gjerne våre vaksne lesarar vite kvar på Vatne du kjem frå?

-Eg kjem neda "Slyngje" som er rett opp for krysset der vegen går ned til nedste Vatne / Hunnes. Foreldra mine er Kåre Helge Vatne og Astrid Ryste Vatne

 -Er  ikkje Lars litt skeptisk å flytte frå storbyen til "utkanten" Ørsta/Sæbø?

-Han er absolut ikkje skeptisk. Han glede seg til å kunne bidra, om det skulle vere, både jobbmessig og på fritida! Og så gleder han seg til Sunnmøre sine flotte årstider og alle dei naturopplevingane det kan gi. Vi gleder oss alle til å flytte til mine heimtrakte å gå på og i dei fantastiske fjella:)

IMGP7361_1

Borna i barnehagen storkosar seg i vårsola idag, og ser fram til hausten og den nye styraren som skal fortelje om borna i eit anna land korleis dei har det.

 -Men barnehagen på Sæbø med sine maks 30 barneplassar er vel i ein heilt annan målestokk enn det du er vand med i København?

 -Barnehagen eg har vore styrar for i København er faktisk mindre enn på Sæbø. Den består av to avdelingar med 11 barn på kvar avdeling i aldersgruppa 0-3 år. ( På dansk heiter det vuggestue; aldersgruppa 0-3 år, og børnehave frå 3-5 år) 

-Men no er det også slutt på det, den blir slått saman med ein barnehage med 4 storbarns avdelingar i nærmaste framtid. Men det er jo rett at det ikkje er mange av desse små institusjonane i store byar lenger. Noko eg meinar er synd for det bør vere plass til både stort og smått i vår tid også.

 -Kva er planane etter vikarjobben på Sæbø er over?

 -Etter vikariatet i Sæbø barnehage er alt ope for min del, jobbmessig.

 -Men no er ei av våre fyrste og viktigaste oppgåver å finne ein stad å bu. Kven kan leige eller selje oss eit hus eller småbruk? Lars er ein dyktig snikkar, så han ser ikkje seg forbala på om det er ein del som må gjerast. Vi vil gjerne busette oss i Bondalen eller Sæbøområdet, avsluttar Lisbeth.