Den gamle Årsetbutikken har hatt sin plass på kaia på Sæbø sidan tidleg på 30-talet og har vore ein møteplass for folk i Hjørundfjorden i mange år. Dei siste ti åra har den ikkje vore ein handelesplass lenger, men ein del av privateigedomen til Elisabeth Å. og Normann Dimmen.

Ein del av lokala er fortsatt egna til handel og til sommaren har dei fire damene, Dina Kolås, Anna Moan, Ingvild Åmbakk og eigar Elisabeth Årseth Dimmen danna eit firma som skal drive med husflid, kunst,turistinformasjonsverksemd.

Stiftelsemøte i Nilsbuda
Stiftelsemøte i Nilsbuda 15.02.10. Frå v. Elisabeth Å.Dimmen, Ingvild Åmbakk, Dina Kolås og Anna Moan.

 

 -Vi har stor tru på prosjektet vår seier dei fire, fordi vi ligg sentralt midt i Sæbø og har ferjetrafikken ilag med oss. Den gamle butikken har hatt mange spesielle varer oppgjennom tida og nokre ting har vi tekje vare på og kan vise dei fram, slik som gamle naturbryne og ein del pulver for farging av kle.

 

IMGP7194_1_1 IMGP7195_1

I den tidlegare butikken Til Nils Haugen var der mykje å finne bla. naturbryne, som kanskje er lokalt produsert?

Fargepulver for kle og shampo for hår er noko ein kan finne i dei gamle butikkhyllene. Dette er varer som ikkje er til sals.

 

 

IMGP7190_1

IMGP7193_1
Anna Moan viser fram eit nytt eigeprodusert produkt som skal seljast i nye butikken. Eit sitjeunderlag.
Butikken vert no gjort om, og det som var brukt i den tidlegare husflidbutikken som var for nokre år sidan vert no ommøblert. Her er Elisabeth og Ingvild i gong med å tilpasse lokalet til den nye butikken.

 

- Vert butikken open daglig  i sommar med heiltidsbetjening?

- Nei, vi må nok betjene den sjølv den fyrste tida og tilpasse opningstidene etter fritida vår, for vi er i arbeid alle fire og har vår arbeidstid å ta hensyn til, men meininga er å opne butikken rundt siste helga i mai, og vil første del av sommaren ha ope i helgane. Men når turistbesøket er på det meste i juli prøver vi å ha ope mest mogleg.

Turistinformasjon.

 -Trur de at de vert ei gullgruve med ein slik butikk?

 -Nei, dette  skal være hobbyen vår og vi brenn alle fire for å skape ny aktivitet og nytt liv i Sæbø og Hjørundfjorden. I desse dager sender vi ut invitasjon til 30-35 firma eller interesserte som har noko å tilby til besøkjande som kjem til Sæbø. Vi set av ein plass i butikken som er retta mot turistinformasjon der folk kan verte kjende med tilboda som er i bygda. I slik informasjon tenkjer vi oss at her kan interesserte finne ferjeruter, brosjyrer, kort og liknande og ein perm som alle kan blade i, der den som har noko å tilby kan få ha sitt dobbelsidig laminert ark med bilder, telefonnr. kart og heimesideopplysningar og prisar.

Det beste hadde vore om desse sidene kunne ha sin informasjon på engelsk og tysk i tillegg til vårt eige språk. Skal vi få folk bruke tid på Sæbø og Hjørundfjorden må dei få informasjon om tilboda som er i  fjorden. Her er viktig å få fram opplysningar om overnatting som hotell, hytte og camping, i tillegg til tilbud av båtutleige, båtturar, fiskekort osv .

-Skulle nokon ha problem med å laminere sine ark tek vi på oss jobben. Vi håper mange tek i mot tilbodet vi har sendt  ut og lagar nokre  ark med fargebilder og god og oversikteleg informasjon. Det er viktig å starte ein plass for arka kan oppdaterast når som helst, når ein ser ein har noko å legge til, avsluttar Ingvild som har vore talskvinne for dei fire.

Ein gåvepakke til Hjørundfjorden.

 Rekkedal gjestehus som har satsa stort på turisme er svært positiv til dette tiltaket og vil sjølvsagt være i fremste rekke når det gjeld å få på plass informasjon om sitt tilbod. 

 -Dette er ein gåvepakke for Hjørundfjorden å få eit slik tilbod til folk som kjem til bygda, og håper alle støttar heilhjarta opp om tilbodet  Desse damene får det til, det er vi heilt sikre på, seier ei optimistisk Bjarne Rekkedal.