Fristen for å sende inn bilde til 3. runde var 10. april, og denne runda var det stor forventning til, då ein rekna med at det var påskebilda som ville dominere. Det kom inn 445 bilder og juryen har plukka ut dei som dei meiner er dei 10 beste og to av bilda er frå Hjørundfjorden. Og ikkje uventa så er den eine fotografen frå Skjåstaddalen på Bjørke og namnet er Håvard Myklebust med sitt vinnarbilde frå Møre og Romsdal fylke sin fotokonkurranse i 2008

242886_5h5ufqqyjdk

 Vinnarfotoet til Håvard Myklebust.  Han tok det på ein topptur til Urkedalstindane (1524 m)i mars 2008.

Det andre bilde er ein skiløpar som er på veg nedigjennom Lisjeskåraddalen og fotograf  her er Andreas Møller.

Alle har no høve til å stemme fram til 25.april på det bilde ein likar best og fine premiar ventar til den heldige vinnar. Klikk her for å stemme.

 

Vinnaren av 3.runde  vil gå vidare til finalen som vert avgjordt av juryen den 30.april og då ventar toppremiane og her er Knut Hustad ein av kandidatane ettersom han var vinnar av runde 2.

Vi ynskjer dei to Hjørundfjordbilda lukke til i konkurransen!