Påsketur II.   Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Det vert mest foto denne gongen også, men eg har tenkt å prøve meg med litt innraming så vi får sjå korleis det går.

002b
Jakob ved inngangen til Kvanndalen.  Det nye hyttefeltet på Standaleidet ligg nede til venstre

003b
Søre Sætretind ligg rett i mot.

Måndagskvelden/natt til tysdag kom det eit 10 - 15 cm nysnølag, med andre ein rett dag til å vitje tinden som Slingsby omtalar slik, i følgje boka "Skiturar i Sunnmørsalpane":  "Kjølaastind er kongen på vestre Sunnmøre og dertil det mest praktfulle fjell i heile Sunnmørsalpane".  Jakob (Hustad) 15, fekk sin første tur på toppen denne dagen.

007b
Appelsinhaugen med Sætretindane i bakgrunnen.  Det treng sjølvsagt
ikkje nemnast kvifor denne haugen har fått namnet Appelsinhaugen,
men laurdag 24. april vil også denne kvileplassen vere sentrum for
det nest mest prisverdige arrangementet i Volda og Ørsta - X2 festivalen.
013b
Lill, lengst bak, og Jakob
klar for neste etappe -
Stretet.  Stretet ligg bak
toppen til venstre.

Etter Appelsinhaugen var det etappen opp til Stretet, dvs. porten/det smale passet gjennom egga og inn på Kolåstindbreen, som stod på programmet.  Det var heller ikkje skredfare her, men fleire fekk likevel problem i den bratte sidehellinga inn mot Stretet.  Problemet var her eit svært hardt underlag i dette skuggepartiet.  Nysnølaget på toppen hjalp heller ikkje noko særleg.  Etter kvart var det nok flesteparten som bar opp skiene her.

Men problema på nordsida av Stretet vert fort gløymt når ein ser gjennom porten/passet og har Kolåstinden rett i mot.  Fotografering høyrer sjølvsagt til her før ein tek skiene fatt på nytt og går siste etappen mot toppen.  Det bør sikkert også nemnast at breen har mist svært så mange kubikk med is siste åra.  I år er det også lite snø på breen og dermed vert det ei litt bratt nedkøyring til breen rett etter Stretet, men ingen problem her.

 

016
10 skigåarar, pluss fotografen, har akkurat passert Stretet og er klar for toppen.
014b 020b
Same posisjon som over. Kolås-
tinden bak til høgre.  Breen under.
Fem-minutt på breen.  Jakob (nærast) og Helge (Veum) er samde om at den"gamle" Kvikk Lunsjen er best. 
024b 026
Sjå Tinden - og føret. Her har fotografen snudd seg 180 grader.  Nordre Sætretind - eitt av måla til X2 - mot høgre.

Så er vi rett under toppen og gode snøforhold her gjer at dei fleste går med ski over den kjende sprekka og heilt til topps - nesten.  Men ein elegant telemarkkøyrar, eg veit diverre ikkje kven han er, har teke med skiene heilt opp.  Sjå under.

029 032b
Jakob gjer seg klar til å gå dei siste bratte metrane mot toppen .  Legg merke til herren med ski på beina. I farta.  Biletet lyg - her er svært bratt...
037b
... Og ca. 20 meter lenger nede er han fotografert på nytt.  Dette er altså quizen
som ingen har svart på.  Telemarkkøyraren er på veg ned frå Kolåstinden, fjellet
i bakgrunnen er nok Romedalstinden og tettstaden i bakgrunnen er Ålesund.
039b 045b
Høgre er det vanskeleg å kome på Kolåstinden. Om faren og fotografen var nærvøs her? Gjet.   Flagget stod og tok imot oss då vi kom opp.  Ein hyggeleg herre frå Ålesund tok dette fotoet. Mot sør.
052b 054b
Her ventar Lill og Helge på tur for få å kome til topps. Men Lill greidde ikkje å få seg opp... Tøv - sjølvsagt gjorde ho det. Berre så det er sagt, det er utruleg kjekt å få vere med ei slik hyggeleg dame på tur.

Fleire kvidde seg nok for nedturen p.g.a. problema på nordsida av Stretet, men vi hadde bestemt oss for å renne ned brefallet.  Og det gjorde vi - rett nok ein litt defansiv variant (vi køyrde ned ein stad mellom Tinden og Stretet) p.g.a. nokre sprekker som var lite tildekte med snø.  Eg vil tru at dei fleste som var på toppen denne dagen tok same vegen ned.  Om vi angra på den ruta?  Sjå under.

070 (2)b
Lill
076 (2)b
Jakob, første gang på Kolåstinden, første gang ned brefallet.
062 (2)b
Ronny, kven elles? Klikkar du på fotoet ser du sikkert smilet hans.
067b 097b
092b 093b
108b 008b
Her kjem endeleg Olav.  Om nokon lurer på kvar han har blitt av  så kan eg trøyste med at han absolutt er til stades - med filmkamera.  Dermed vert eg litt "redd", men eg gler meg alltid til å sjå resultatet. Sjølv tøffe mannfolk brukar solkrem med høg solfaktor, minner Lill om. :)

Tusen takk for turen Lill, Helge, Ronny, Olav og Jakob - og minst 25 andre, flest frå Ålesund.  Hyggeleg var det også igjen å få helse på musikarekteparet Hanne Kristin og Bård Dahle.