Rune og Haldis Fiskå Mo reiste til Tyrkia på ferie ilag med Pål Børre og Anne Grethe Barstad frå Barstadvika, forrige måndag. Turen gjekk til Kemar i nærheita av Antalia der dei to frå Barstadvika eig ei leiligheit.

Viking City Tyrkia

Leiligheita til Pål Børre og Anne Grethe Barstad ligg i eit kompleks som heiter Viking City i Kemar.

Dei har hatt ei fin veke med overkant av 20 grader og oppmot 30 talet. Ferien har vore ekstra fin og spesielt fin når dei har fått melding heimafrå om tett snøkave. Men i leiligheita som ellers ikkje mangla nokon ting, var tv´n defekt, og dei har ikkje fått med at det var ein ekstraordinære situasjon i luftfarta. Stor vart bekymringa når det nærma seg helga og dei skulle begynne å undersøkje flyavgong på heimreise og ingen fly gjekk på flyplassen. Reisa har vore heilt privat, så dei har ikkje eit reiseselskap å støtte seg til heller, så no håper dei på det beste og at det  er håp i hengande snøre på torsdag for flyavgong.

HAldis og Runme

Haldis og Rune trivst nok godt i symjebassenget i Kemar, men dei skulle ha vore heime på jobb.

Men no er ny tv på plass og dei får kontinuerleg informasjon gjennom telefon og NRK om utviklinga i flyferdselen.

Haldis skulle være på seinvakt idag på Hjørundfjordheimen der ho jobbar, og Rune skulle være på plass på Høgskulen i Volda tysdag morgon, men når ikkje flya går er det for langt frå Tyrkia med noko anna reisemåte for å rekke fram i tide.

Dei fire i Tyrkia helsar heim og har det berre bra, og slepp å tenkje på at dei må flytte ut sidan dei eig husværet sjølve. Vi andre får berre krysse fingrane og håpe vi har dei heime til jul i allefall:-)

Onsdag  21.april

dsc00225

Ekstrem ver i Tyrkia, hagla var neste 1cm i diameter store + det var kraftigt torever så det var farleg å vere ute.

dsc00226

På markedet fekk dei som hadde buder store problemer med øydelggelsar for kjøpmennene. Paraplyseljarane gjorde det bra.