Junior - Jakob - og eg bestemte oss for å ta ein tradisjonell påsketur, ein snartur over/rundt Verhaldet og så renne ned i Frølandsdalen.  Timesmeldingane på yr.no var gode, men ein del vind.

Vi tok begge skitrekka opp, men allereie på øvre trekkpunkt under Nottane var det utriveleg vind.  Då vi gjekk oppover auka vinden på, det skya skikkeleg til og det kom også nokre snøfiller i lufta.  For å ta denne rundturen bør ein ha med seg lokalkjende folk.  Jakob og eg hadde heilt sikkert teke vegen ned att til skisenteret hadde vi ikkje gått denne vegen mange gonger tidlegare.

Kort oppsummert: Svært dårleg sikt, svært vanskelege tilhøve for skikøyring/renning, dvs. skorpe m.m.  I tillegg var også her overraskande lite snø.  Det hadde også gått skred tidlegare i området.  Harde snøballar er ikkje gode å renne på.  Nedover Frølandsdalen på Stokkesida gjorde fleire skred at vi måtte renne lengre nede i dalen enn ynskjeleg.

På skitur i morgon?  Kan hende det er mykje betre i andre fjell, men eg tvilar - i alle høve om det er overskya.  Eg trur at eg vil setje meg i solveggen på ei seter eller kanskje på Bondalseidet.

005 007
På fotoet til venstre ser vi Verhaldet.  Vi kom ned, som vanleg, i høgre biletkant. På foto til høgre meiner nok Jakob at det beste med heile skituren var skulebollen frå Strands bakeri.

002
Her ser vi nordsida av Frølandsdalen, Grøtdalstinden opp til høgre.  Vi ser at det er spesielle forhold i fjellet i år.

Er det andre som har vore på fjelltur i dag?  Legg gjerne att ei melding i kommentarfeltet under.  Mange vil gjerne vite.

001

013 044 (2)
Desse tre siste fotoa er frå ein tur på Skårasalen 2. påskedag.