Og her kjem litt bileter frå dagen.
719
Vi starta frå Idrettsbygget og gjekk gjennom Volda sentrum og til Elvadalen.
721
Her eit lite stopp ved brua som går over elva på Rotset.
722
Her har vi kryssa vegen på Rotset og er på veg fram mot Stadion og Årneset.
724
I Lærarskuleparken var det for få benkar så derfor tok vi trappa i bruk til felles rast. For som kjent; Utan mat og drikke, duger helter ikkje. Etter ein god times trimtur smakte det med litt mat før vi skulle i bassenget.
729
Så fekk vi dagens utfordring. Vi hadde fått tildelt nøkkelkort, men inga kode. Her var gode råd dyre, men etter mange telefonar fekk vi napp med ein kjekk vaktmester som ville kome å låse opp til oss. Tusen takk til vaktmester Sportstøl.
730
Gjett om her var mange utolmodige barn. Men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.
731
Det var mange som sprengde grenser denne dagen og hoppa/stupte frå både 1. meter, 3. meter og 5. meter.
738
745
Her var det svømmekonkuranse mellom seniorar og juniorar. Normann knuste alle sammen frå startstupet til han kom i mål.
741
Og inne på grunna koste dei yngste seg.

Totalt så var vi ca 45 i bassenget og 30 som gjekk på tur. Så vi var alle saman samde om at dette var ein gild dag.

Til hausten satsar vi på eit liknande arrangement og håper at endå fleire vil vere med då. For dette var KJEMPE KJEKT.

Barneidretten Sæbø IL