...derfor prøver vi å bytte til Onsdagar. Tida blir den samme, nemlig 20.30 til 21.30.

Til no har vi hatt eit to-delt opplegg med fotball, basketball og/eller kanonball først og deretter sirkeltrening med div styrkeøvingar. Vi har vore mellom 4 og 10 jenter/damer, med ein aldersskilnad på ca 35 år, noko som har vore veldig kjekt.

Det er eigentlig fotballgruppa som disponerer denne timen, men dei har ikkje brukt den noko særlig. Og no er det vår og dei satsar mest på utetrening.

Det er absolutt ikkje noko krav om å møte kvar gong. Kom når passar. Men dersom det viser seg at vi stadig vekk er færre enn 4 blir trimmen nok avvikla.

Kjem til å bruke forumet her på portalen til informasjon om trimmen, f.eks derom det vert avlyst ein kveld 

Velkommen til ein sosial time med puls over 100:)