Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

077b
Villa Norangdal på Fivelstadhaugen

Utgangspunktet for denne skituren er Fivelstadhaugen.  Det er lett å finne fram anten du kjem frå Norangsfjorden eller Hellesyltsida - køyr etter rv. 655, ta av i den retninga skiltet viser når du kjem til skiltet "Villa Norangdal".  Her får du sikkert også lov til å parkere.

Litt om Villa Norangdal. Det er marineoffiser Iris Fivelstad som eig dette no 125 år gamle hotellet.  Ho og familen hennar har gjort ein fantastisk innsats både med restaureringa og det å få til eit svært så triveleg miljø.  Villa Norangdal er no eit flott utgangspunkt for turar av ulike slag.  Hadde hotellet vore ope hadde sjølvsagt turkamerat Olav (Haugen) og eg teke ein kopp kaffi m.m. både før og etter turen.

No i påska var DNT-sjef Kristin Krohn Devold på Fivelstadhaugen for å markere at det det var 125 år sidan byggestarten til hotellet.  Og ikkje berre det - ho var også på skitur til "vår" topp Blæja/Lissjenibba.  Sjølvsagt må det nemnast at den 14. mai vil eigaren  av Villa Norangdal, Iris Fivelstad, få overrekt Olavsrosa.

002b
Frå Fivelstadhaugen og Villa Norangdal kan du sjå fjellet Blæja/Lissje Nibba.  Her ser du fjellet lengst bak omtrent midt på fotoet.

Namnet:  På kartet og i bøker vert altså namnet Blæja brukt om dette 1420 meter høge fjellet, men Oddmund Fivelstad, far til hotelleigar Iris Fivelstad, kjenner ikkje til at dette namnet vart brukt nokon annan stad enn på kartet.  Dei som bur på Fivelstad og i nærområdet kallar fjellet Lissjenibba, eller Isjlenibba som Oddmund seier.  I går fortalde Oddmund Fivelstad oss også  at han veit at heller ikkje på Viddalsida av fjellet vert namnet Blæja brukt.  Legg de merke til dette - de som lagar kart?

003b Blæja 13.4.10 003
Turen starta slik ein vårtur skal gjere - med kryssing av opne småelvar. Til høgre oppdagar underteikna at solkrem og solbriller må kome på plass. Foto: Olav Haugen.

Oppover frå Fivelstadhaugen går det ein brei dal med ein rygg stort sett midt etter. Vi valde å gå til høgre, på nordsida, av denne ryggen fordi her nesten ikkje var skog.  Men  nemnde Oddmund Fivelstad opplyste at vi ikkje burde gå her når det evt. var skredfare - seinast i november 2008 gjekk det nemleg ei fonn ned her og over riksvegen.  Likevel, eg trur det er den minst bratte turen eg har gått opp til ein såpass høg topp.  Er trur knapt vi gjekk brattare enn 30 grader nokon stad.

005_edited-1
Her ser vi Olav gå i fotspora til DNT-sjef og tidlegare forsvarsminister Kristin Krohn Devold med stor vyrdnad. I øvre biletkant omtrent midt på biletet ligg Fivelstadhaugen og Villa Norangdal.  Om nokon skulle lure på kvifor desse bileta er litt uklare og grå så skuldast det skodde.

007b 011b
På foto til venstre har vi dagens quiz.  Kva heiter fjellet rett imot? På foto til høgre nærmar Olav seg Urbakken og den evt. utsikta mot Hjørundfjorden.

Vêrmeldingane for denne dagen var kanskje ikkje dei beste, men vi stola på yr.no - sola skulle kome gjennom skydekket i løpet av dagen.  Og sola kom - nesten.  Det vart likevel ein fin og roleg tur oppover i eit flott skiterreng, men det yra litt snø frå - kan ein seie det? - frå skodda mest heile tida.  Og for første gang på aldri så lenge måtte vi også ta kartet i bruk for i det heile å finne rette toppen.

Blæja 13.4.10 006 014b
På foto til venstre er det ikkje så problematisk å sjå, men på foto til høgre lurer Olav kort og godt på kvar vi er. (Men her er han omtrent på høgde 1372.)

Det var ikkje så farleg for oss - vi hadde svært så god tid, men vi kunne nok ha gått ein litt raskare veg enn vi gjorde.  Vi gjekk til toppen av høgde 1372 og måtte difor gå nokre titals høgdemeter ned att før vi gjekk den siste ryggen opp.  Sjå foto under.

057 (2)
Vi gjekk stort sett etter raud strek, men hadde nok spart litt tid om vi gjekk etter blå strek.  Men vi fekk no med oss to toppar...

Som nemnt starta vi til høgre i den breie dalen/sida oppover, men etter kvart gjekk vi inn på- og oppetter ryggen omtrent midt på.  Dette kan nok vere klokt fordi det rasar ned snø frå begge sider. Men vi hadde tenkt å nyte utsikta frå Urbakken på 1126 meter, frå høgd 1372 og frå toppen av Blæja/Lissjenibba. Men så var det dette med skodda...

019b 021b
Olav nærmar seg- og når målet, den 1420 meter høge toppen Blæja/Lissjenibba. På fotoet til høgre ser vi den storslagne utsikta frå Viddal og ut Hjørundfjorden heilt til havet i det fjerne - hadde det ikkje vore for skodda :(

 023b
Nokre vil vel kanskje tenkje på "To rustne herrer" når dei ser dette fotoet, men vi var i alle fall nybarberte her.

Vi hadde som nemnt god tid og hadde difor eit håp om at sola, som vi heile tida såg rett over oss, skulle greie å fjerne skodda rundt oss.  Og sola gjorde jobben, men diverre ikkje før vi var vel nede igjen.  Men vi fekk no i oss både godt med mat og drikke i ventetida på toppen.  Og vi fekk no sett litt av Hjørundfjorden, nokre sekund.  Sjå under.

033b
Så sanneleg - der dukka litt av Hjørundfjroden opp.  Viddal ligg midt på fotoet i nedre biletkant.

Vi frykta ei stund at det skulle bli blindeføre på turen ned att - i roten snø.  Men det viste seg å vere ingen grunn til uro.  Ned til ca. 800 meter var det eit tynt styresnølag(nysnø) og under det var det rett nok litt ròten snø, men ikkje verre enn at vi kosa oss heilt ned til riksvegen.  (I alle fall eg med fast hel).  Sjå foto under.  Dei første to er rett under toppen.

040

041b

Så var vi stort sett under skodda igjen og det var berre å peise på.

051 052
Det er sikkert vakre fjell i bakgrunnen, men det tenkjer ikkje Olav på her.  Her er sjølvsagt brattare enn det ser ut til - akkurat passe bratt for skikkeleg slushføre. Klikk på fotoa.

058b
Lettelse i antrekk må til sjølv om det er unnabakke. Litt mjukare snø her, ja.

068b 073b
Eg tek med fotoet til venstre for å syne det kupperte og fine skiterrenget i nedre delen av dalen.  Tenk i puddersnø her rundt juletider og utover den kalde vinteren.  Til høgre:  Igjen elv og ski - det er vår.

Norangdalen er no open - sikkert for godt. Det er framleis snø i fjellet, men den minkar raskt så ikkje vent om du har planlagt skiturar.  Oddmund Fivelstad fortalde oss også at han reknar med at det berre er halvparten så mykje snø i høgda i Fivelstadområdet som i eit normalår.

Takk for turen.

081b
Riksveg 655 gjennom Norangdalen er no open.