Påsketur. Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Palmelaurdag, om det er noko som heiter det, starta med tett skodde - omtrent slik vêrmeldinga melde. Men berre få timar seinare hadde vi ein vakker dag, også til ein skitur.  På nytt vart Blåfjellet/Blåtinden målet.  Likevel, denne gongen var det slett ikkje snakk om å slite seg opp på ski frå nedre heisstasjon på Bondalseidet.  Nei, begge trekka til Ørsta skisenter vart nytta, så rann vi austover og ned mot Trollvatnet på ca. 750 m.o.h. Turen opp til Blåfjellet - som no sikkert vert det offisielle namnet - gjekk som ein leik.  Og for den som måtte lure - den rasutsette og bratte sørsida til Blåfjellet/Blåtinden hadde allereie rasa ut ikkje lang tid i forvegen.

044b
Her er målet, den flotte varden på Blåfjellet, nådd.  Frå venstre ser vi Olav
Haugen, Lill Haugen, Helge Veum, Fred Ingar Somby, Ronny Haugen og
underskrivne Knut Hustad.  Mellom Helge og Fred Ingar kan vi skimte
Bondalen og Hjørundfjorden

Det vert ikkje så mykje tekst her.  Ikkje var det noko å klage over heller - berre ein flott og avslappande dag utan stress.  Til og med Fred Ingar såg ut til å innfinne seg med at tempoet kom til å verte noko labert.

003 _IGP5812b
På foto til venstre ser vi Fred Ingar sporleggar langt der oppe og framme.  Fotoet til høgre er teke omtrent samstundes - av sporleggaren. 

DSC_2947b 008b
Foto til venstre: Helge Veum. I bakgrunnen ser vi Trollvatnet.  På foto til høgre er det Verhaldet som er i bakgrunnen.

012b DSC_2980b
Til venstre:  Er framgrunnen vakker, vert sjølv eit traust fjell som Verhaldet elegant.  Til høgre: Ronny står på sitt - ei brødskive i timen.

DSC_2973b
Sjølv trauste mannfolk vert slanke med fisheye-objektiv. Foto: Lill Haugen

025
Lill og Helge snart på toppen av det 1217 m høge Blåfjellet

Det er heller ikkje no mykje snø i høgfjellet, men her på Blåfjellet var det i alle fall ca. meteren meir med snø denne dagen (palmelaurdag) enn det var i slutten av januar.  Denne gongen var det berre så vidt vi såg i toppen av varden.

DSC_3027b
Eit slikt foto får du kanskje aldri sjå igjen - ein avslappa Fred Ingar på toppen av
eit fjell.  Og ikkje berre det, han er i ferd med å skjere opp tørkakjøt til oss andre.
Olav er i ferd med å leite fram filmkameraet - dette må forevigast. 
Foto: Helge Veum

040b 041
Sjokolade eller ikkje sjokolade - ernæringsekspert i Grethe Roede, Lill Haugen, (t.v.) er sikker i si sak - appelsin er best. Litt i bakgrunnen ser vi berre så vidt i varden på toppunktet på Blåfjellet.

DSC_3044
Det er fleire ruter ned frå Blåfjellet, men til slutt valde vi å renne ned Løndalen til Villadalen og vidare ned til Villane i Bondalen.  Det er Bondalen vi ser i bakgrunnen - og Hjørundfjorden. Foto:  Helge Veum

Under ser vi ein biletserie av Ronny.  Det er gjerne eit laust snølag på toppen i solvende hellingar.  Klar, ferdig, gå.

056 (2)b 057 (2)b

060 (2)b 064 (2)b

066 (2)b 073 (2)b

079b
Gode skiforhold øvst i Løndalen, men etter kvart vart det litt tyngre for den som brukte telemarkutstyr.

087b 091b
Ronny til venstre, Olav til høgre.

102 - Kopi
Sikkert litt respektlaust, men Fred Ingar brukte kort og godt Løndalsmannen som springbrett.

115 - Kopib
Framleis er det påske, framleis ligg snøen mange stadar heilt ned til sjøen -
og det er sol. Kva  ventar du på?

DSC00163b
Og trenar du for lite går det på same måten for deg som med Ronny - krampe.  Foto:  Lill Haugen

Så quizen til slutt.  Han er tredelt denne gongen.  Kva for fjell er herren under i ferd med å køyre ned frå?  Kva heiter fjellet i bakgrunnen?  Og kva tettstad ser vi lengst bak?

037 - Kopi