Magne Øye bur i sin eigen bustad i Furmyra litt utanfor Moa i Åseområdet "ute i bya". Han er godt oppe i 80-åra, men friske historier frå heimbygda kjem på rekkje og rad og minnet er blankpolert. Dei siste ti-åra av sitt yrkesaktive liv jobba han på Slakteriet på Volsdalsberga. Men barnskorne trødde han heime i Toregarden på Øye.

Magne Øye

Magne Øye er frå Tore-garden på Øye

Men sidan portalen er eit seriøst organ, skal historiene få ligge. Magne er ei viktig kjelde for arbeid som skal registrerast og samlast av Sogelaget. Men biletet frå Øyelandet skule, teke i 1935, skal vi tillate oss å dele med lesarane av portalen.

P1030835

Elevane ved Øyelandet skule 1935.

I første rekkje ser vi f.v. Njål Nordang, Bjørn Øye, Johannes Nordang, Borghild Skylstad, g. Nakken, Randi Nordang, g. Helset og Johanne Skylstad, g. Nupen.

Bak f.v.: Olav Norangshol, Odd Norang, Olav B. Urke, Magne Øye, Magna Skylstad, g. Haugland og Svanhild Norang.

Foto:      Theodor Myklebust

Øyelandet var frå gammalt av brukt som fellesnamn på dei fire gardane Øye, Skylstad, Norangshol og Norang. Alt i 1865 drøfta heradsstyret plassering av ein fastskule i bygda, men kom til at tomta var ”udsat for sneskred, stenskred og elvebrud”. Stort verre kunne det ikkje bli! Omgansgsskule vart difor ordninga fram til 1894 då det endeleg vart bygt ny skule nedanfor Øyeholane. I dag vert skuletomta brukt som parkeringsplass for fjellvandrarar til Slogen.

Magne fortel at det var berre 12 elevar på skulen det året. Fotograf var læraren i bygda, Theodor Myklebust. Han kom frå Jølster og overtok etter Ole Standal som var lærar både på Urke og Øye i 41 år, 1886-1927.

Dei eldste elevane på biletet er fødde i 1922 og dei yngste i 1929. Biletet er teke i april/mai1935. Vi ser fonnbreen etter Gråstafonna over løetaket og hustaket på Solheim.

Alle jentene har kjole, medan dei minste gutane har kortbukse. Dei største gutane har nådd alderen for å kunne bruke nikkers, ei knebrok med innstramming nedanfor kneet.