Konkurranser er i tre runder og ein jury er ferdig med å plukke ut dei 10 bilda som skal stemmast på i andre runde.

Juryen skriv:

"Fantastisk flotte skibilder! I denne runden av konkurransen fikk vi inn rundt 500 bilder – noe færre enn i første runde, men juryen hadde en enda tøffere jobb med å velge ut de ti beste bildene."

Konkurransen finn du her: http://skibilder.no/ Alle har anledning å stemme på det bilde dei vil.

Vinnarane av rundene vert med i slutt finalen i slutten av april, og det er framleis høve til å sende inn bilder til runde tre. Til vinnaren er det ein flott 1.premie med fotoutstyr på 25000 kroner. http://skibilder.no/?page_id=33

Knut Hustad er fotografen og har teke det flotte bilde der Ronny Haugen hiv seg utfor frå Dalegubben og er på veg ned mot Sæbø som vi ser ca.1300 høgdemeter under. Det ville være stor stas viss Knut skulle vinne konkurransen og det ventar ein flott premie til han, og ein endå større premie til Hjørundfjorden iform av topp marknadsføring av naturen vår.

Artikkelen som vart skreven for snart eit år sidan kan ein sjå ved å klikke på denne lenka:

http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=2311

Portalen vill sette pris på at lesarane bruker si stemme på Knut sitt bilde.