No har det skjedd ei stor endring på sjokolademarknaden - det har kome ein ny Kvikk Lunsj. "Freia Melkesjokolade med biter av Kvikk Lunsj kjeks og et dryss havsalt", står det i reklameteksta på framsida.  At her tydelegvis er ein orddelingsfeil får så vere, men er denne Kvikk Lunsjen betre enn den gamle varianten?

024
Her er den gamle varianten av Kvikk Lunsjen - rett nok i to-pakning.

På Bellingen og Joker, Sæbø, og sjølvsagt også Urke Landhandel, er det svært mange ulike variantar  av sjokolade.  Men kva for ein er best?  No vil vel sikkert nokre få hevde at sjokolade berre er fy, fy.  Det får så vere - likevel kan det ikkje vere tvil om at karbohydratar høyrer heime på påsketuren. 

023
Det finns mange ulike sjokoladesortar og merker.  Her frå hylla til Jon Arne Årseth på Bellingen, Sæbø.

Allereie i morgon er det Skjærtorsdag og folk skal på tur, men kva for ein sjokolade må vere med i sekken?  Her treng vi fagleg ekspertise.  Kom gjerne med ein kommentar i feltet under, eller gje di røyst i meiningsmålingfeltet under til venstre.  Mellom dei nemnde sjokoladane, er det nokon som manglar på favorittoppen? Skriv ein kommentar.

NB:  Ver raskt ute for i morgon eller Langfredag kjem det ei ny påskeproblemstilling.

025
Er det desse gamle sjokoladetravarane som framleis er best?

Meiningsmålingsfeltet er no stengt i denne saka.