frå mobil 110310 026

Når Bondalselva tinar så skjer det på ei vesentleg  anna og  ganske dramatisk vis.

frå mobil 110310 029

Vi vart tilfeldigvis merksame på isferda i elva då den passerte Aklestad i middagstida i dag , heiv oss i bilen og hasta avstad nedpå Hustadbrua.

 

frå mobil 110310 030

Det buldra kraftig då is og vassmassane nærma seg brua , torde ikkje å stå midt på brua nei.

frå mobil 110310 032

Store mengder is/snømasser pressa seg under brua.

frå mobil 110310 031

Og dukka fram att på nedsida av brua.

frå mobil 110310 033

Deretter er det strake vegen til sjøs. 

Dette var ei flott naturoppleving å få med seg  i dag , sterke naturkrefter i sving. Bileta er tekne med mobiltelefonkamera,og viss administrator ynskjer redigere litt på  bilda så ville det vere OK. Bildebehandlinga her ekje ej så støde på.

Kan legge til at det etterkvart kom tilstades ein dyktig veterinær/værvarslar med kameraet sitt .  Med hans gode auge for fine naturbilete så vil eg tru at det kan lønne seg å sjekke på nettsida til voldaveiret også om dette etterkvart.