Jentene har spelt 10 kampar gjennom sesongen der dei har vunne 8 og tapt 2 kampar. Dei har vore ute og reist eindel, Oslo, Lillehammar, Stavanger, Molde og no Oslo igjen har fått besøk av desse kjekke jentene.

Samarbeidet har fungert godt og jentene har fått ein flott sjanse til å vere med å spele på eit av dei beste 16-års laga i Norge.

Jentene vann laurdag over Stord 29 -25 og utklassa Stabekk 31- 16. Siste kamp i seriespelet er mot Njård søndag kl. 15.15. Jentene er etter laurdagens sigrar allereie klare for sluttspel i Larvik 23-25 april der dei 2 beste laga i kvar pulje skal vere med å kjempe om å verte Norges beste 16-års lag.

DSC_0106

Marthe og Malene i forsvar.

 

DSC_0035

Malene har sett seg som nr. 2 på skåringstabellen med over 80 mål!

 

 

DSC_0097

Fint samspel gav kjempesiger i kampen mot Stabæk. Else Marie i høgt svev.

 

DSC_0129

Malene Aambakk, Marthe Takseth og Else Marie Stokke med velfortjent pizza etter to sigrar og tabelltopp!!!

Kanskje blir desse jentene eindel av Norges beste handballag i J16?

 

DSC_0125

Molde (Åmdal/Sæbø) J16. Bak f.v. Vilde, Stine, Malene, Ingunn, Karen, Else Marie og Celine.
Framme f.v. Marthe, May-Kristin, Anniken og Thea.