Måndag møtte elevane i dei to klassetrinna spente opp for å få vite kva slags gruppe dei skulle delta i. Det starta med motivasjon og orientering om grundercamp og inndeling av grupper. Kvar gruppe vart knytt opp til ei lokale bedrifter og institusjonar som dei måtte samarbeide med. Næringslivet har vore svært positivt, og skulen har hatt felles planlegging og kurs saman med dei bedriftene som har sagt seg villige til å være med.

IMGP7112_1

Fredag 12.mars var dagen for å presentere arbeidet i Gründercamp på Ørsta Samfunnshus

Dei bedriftene som har vore med er:

Bellingen, Urke fiskeoppdrett, Rekkedal gjestehus, Hjørundfjordheimen, Holen sand og grustak AS, Sæbø storfe AS v/Knut Riise.

 Det vart ei ”annleis veke”, der elevane har fått lære andre ting, og gjere andre erfaringar, enn dei som møter dei til vanleg. Klassene vart delt inn i grupper på 3-4 elevar, og kvar gruppe fekk eit oppdrag eller ei problemstilling som dei skulle løyse. Elevane fekk eit stort ansvar og for å løyse oppgåva oppmoda skulen elevane om å bruke nettverket sitt og bruke alle dei ressursar og kontaktar dei treng. Kvar gruppe hadde ein ”mentor” på bedrifta.

Arbeidet vart avslutta i fredag med  juryering og premiering på Samfunnshuset i Ørsta av den gruppa som har løyst oppgåva best.

Bellingen Kro: Lisabell Hustad Øvrelid, Jon Einar Flatnes, Stian André Jørgensen Storeide og Martine Follestad hadde som oppgåve å utgreie kva som må til for å få folk til å handle på Sæbø.

Urke fiskeoppdrett: Elena Andrea Kvistad Hustad, Evind Dimmen og Sondre Rem Brautaset hadde fått oppgåva å utvikle eit nytt filter for rensing av vatn til fiskeoppdrettsanlegget.

Rekkedal gjestehus: Anne Thi Håndlykken, Sindre Oksavik Brautaset og Olai Eikrem Riise fekk til oppgåve å lage ein bryllupsmeny frå gamle dagar.

Hjørundfjordheimen:  Elen Maria Holen, Henrik Mo, Hilde Flatnes, Aleksander Skogheim skulle lage ein aktivitet for karar på Hjørundfjordheimen.

Holen Sand og grustak AS: Elias Myhre Holen, Kristian Straume, Sunniva Boye Olsen og Kjetil Rekkedal skulle planlegge etterbruk av grustaket.

Sæbø Storfe As: Sondre Kristoffer Mo, Glenn-Robin Hustad og Malene Hurlen Aklestad fekk til oppdrag med Sæbø Storfe As og lage ein plan for å utnytte møtelokalet til nyefjøsen på loftet til noko inntektsgjevande i framtida.

IMGP7115_1 IMGP7117_1
Vartdal skule stilte med gode grupper Gruppa for Sæbø storfe AS presenterer her sitt arbeid for Martin Foldal og Aurora Høegh-Omdal

Elevar og lærarar møtte spente og godt førbudde på Samfunnshuset i Ørsta, for å presentere arbeidet for juryen, som besto av 4 medlemmar.:

Kst. Ordførar Paul Kristian Hovden, Næringssjef Martin Foldal, Leiar for Sjustjerna samarbeidet Stine Bratteberg og Leiar for kaihuset Aurora Høegh-Omdal.

Skuleinspektør Johs Halland frå Sæbøskulen leia arrangementet og rektor Oddny Flugekvam var sjølvsagt også til stades i lag med mentorar for gruppene.

Vartdal skule hadde mange fine grupper og her var dei tre klassetrinna 8.9.og 10.klassa representert. Bedrifter og organisjonar som hadde gitt oppdraget her var Vartdal Plastindustri As, Øye Maskin AS, Vartdal barnehage, Sparebank1, MC-delar AS og Roth daglegvarer AS.

IMGP7124_1 IMGP7121_1
Paul Kristian Hovden og Stine Bratteberg fekk god informasjon frå gruppa som hadde om Bellingen Eit interessant tema for ordføraren å høyre korleis etterbruken av grushola til Holen S.og G. skulle nyttast.
IMGP7130_1 IMGP7128_1
Her vert vassfilteret til Urke fiskeoppdrett studert. Spenninga var på topp med klassestyrarane Ingvil Flatnes og Heidi Aambakk.

 

IMGP7133_1

 I finalen kom Rekkedal gjestehus, Vartdal barnehage og Mc-delar AS

Juryen delte seg i to og besøkte kvar enkel stand i to omgongar. Dermed fekk gruppene rette opp, eventuell noko, som var utegløymd til omgong to. Etter juryen hadde trekt seg tilbake kom dei tre; Vartdal barnehage, Rekkedal gjestehus og MC-delar As til finalen.

IMGP7138-1_1

Då var det klart for juryformann Paul Kristian Hovden og offentleggjere, kven som var vinnar av sjekken på 2000 kroner, som 1.premie, og 1000 kroner som 2.premie.  Premiene var gitt av hoppide.no/ Ørsta næringskontor

IMGP7146_1_1

Og 1.premien gjekk til Sæbø skule som hadde oppgåva å lage eit forslag over ein bryllaupsmiddag frå gamle dagar. Her ser vi dei glade vinnarane frå.v. Olai Eikrem Riise, Sindre Oksavik Brautaset og Anne Thi Håndlykken.

Etter ei ny presentasjon av dei tre finalistane var det Rekkedal gjestehus-gruppa som fekk 1.plassen og MC-delar AS si gruppe, som fekk 2.plassen.

IMGP7144_2_1

Gruppa hadde laga eit
bordkort og meny, som
fall i god smak med
juryen.

Gratulere Sæbø skule med 1.plass og Vartdal skule med ein flott 2.plass. Dette var velfortjent!