Sesongens siste seriekamp i handball vart spelt i Ørstahallen onsdag kveld. Kristiansund var motstandar og vi hadde god tru om at vi skulle vinne denne siste kampen i 3. divisjon.

Jentene starta litt famlande og låg i leiinga heile vegen. 8 min. ut i kampen stod det 5-5 men etter det var Sæbø/Åmdal i leiinga og var aldri alvorleg trua. Pauseresultatet var 19- 11 etter ein omgong der jentene vart vel ivrige i enkelte situasjonar og rota litt vel mykje vekk ballen.

krs5

Vi har lært litt frå siste kamp.. Liv Grete, Marthe, Malene, Silje og Aina har blitt tøffare i forsvar.

krs10

Torill skåra 6 mål og hadde flest spelarmål.

krs14

Fint samspel gav resultat. Hanne, Marthe, Malene og Liv Grete.

krs9

Synnøve på vei mot mål!

krs7

Karen!

Andre omgong vart rein einvegskøyring med mykje speletid til alle spelarane og ein flott serieavslutning. Sluttresultatet vart 33 -19:)

God og rettferdig dømming er viktig for å få ein god kamp og unggutane Eirik Husøy og Torstein Fjørtoft gjorde jobben sin godt!

Sæmdal

Endeleg kunne jentene juble for siger! F.v. Kathrine Brekke, Helene Andreassen (1), Silje Anette Sandnes (4), Elisabeth Skogen, Hanne Stokke (1), Synnøve Eikås (1), Sara Konstanse Årseth, Marthe Takseth (5+1str.), Malene Aambakk (5+4), Torill Haugen Øye (6), Else Marie Stokke (5), Liv Grete Stokke, Anette Mork, Aina Opsal Bakke, Karen Ose Lid og Stine Bjørndal Aarflot.