Frå Bondalseidet 310110

Skisenteret på Bondalseidet har opplevde ein rekord-sesong denne vinteren

Etter over to månader med flott vintervér der det har vore ned mot minus 20, begynner folk å lengte etter våren. Etter kvart som telen har gått ned mot 1,5 meter på Bondalseidet og 1,25 meter i lavare strøk, vert det også vasslaust  i mange hus. Ein tryggheit mot å misse vatnet i springen er å la vatnet renne om natta, men i mange brønnar er det lite vatn og dermed må ein berre stenge av, og då kan det skje at vassrøra frys. Eit faretruande signal er når der kjem brunt vatn i springet om morgonen, då er der is i røret, og isen riv med seg gamal groe i rørveggane når den begynner å flytte på seg. Dette har nok mange opplevd desse to månadane.

Frå Myrholen IMGP6832_1
Frå StoreMyrholen 31.januar 2010 Frå StoreMyrholen mot Kvistaddalen 31.januar 2010

Men om det er katastrofe når vatnet frys i bolighuset, så er det ikkje mindre problem når vatnet forsvinn i fjøsen og spesielt i mjølkeproduksjonen. Kvar mjølkekyr treng ca.80 liter i døgnet pr. kyr, til drikke og vask av mjølkeutstyr. I tillegg kjem vatn til andre dyr i fjøsen og forbruket kan kome oppi 2-3000 liter i døgnet, som må køyrast til. I tillegg kan gardbrukaren ha store problem med frosen silo og motorsaga må hentast for å få laust fóret. Då er det vel ikkje vanskeleg å forstå, for kvar og ein, at det kan gå på helsa laust for den som står midt oppi det.

Men fortvil ikkje for våren er allereie i godt gjenge, for den 22 februar heiter dagen "Peterstol" etter den gamle primstaven og Almanakk for Norge 2010. Dette er den dagen då jordvarmen slår tilbake telen å gå nedover i jorda. Dette har eg sjekka med ein god nabo, som har kunnskapane om dei gamle merkedagane.

Til den som no har ei frosa vassledning er det håp om at naturen ryddar opp i det den har stelt i stand, men er røret sundfrose må nok røret skiftast, men det er inga gravemaskin som greier å grave vegtelen ennå. Telen er berre i jorda der snøen er moka vekk og situasjonen hadde vore heilt annanleis hadde ikkje vi ikkje fått den meteren med snø som vi fekk i januar. Snøen har dekt til jorda slik at det nesten ikkje er tele der snøen ligg urøyvd.

Hjorten trekker mot husa mars2010

Eg la ut litt torrhøy for å få eit bilde av ein hjort eller to. Etter ein halv time var der 16 dyr, og storekarane sjølve kom også. Etter at kroningane hadde forsynt seg fekk koller og kalvar mat. Ei kolle prøvde å ta seg til rette når kroningane åt, men då fekk ho juling. Det var berre ein smell når horna traff ho. Her er det dei sterkast som råder grunnen.

Frå i dag ser det ut som den hardaste vinteren er over, og meterologen brukte uttrykket "møkkavér" i helga, i vérmeldinga på fredagskvelden. Betyr det at vi no startar oppatt med den lange regnbyga som vi hadde sist haust? Sjølv om det har gått utruleg med tid til snømoking av vegar og tak og tining av frosne rør denne vinteren, så vil eg heller fortrekke strålande vintervér med kulde, framfor regn dag etter dag.

Foring av hjort

På ein foringsplass kan ein telje opptil 35 dyr med hjort. Dette til stor belastning for skogen og enga til våren.

Hjortestamma har vokse formidabel dei siste åra, og mykje av årsaka til dette har vore dei milde vinterane. Og med mykje hjort har det blomstra opp mykje Flått. Flåtten er eit av dei insekta som ikkje har frostveske, og til liks med hjorten har den fått føle ein hard vinter, der eg håpar at naturen sjølv no regulerar bestanden av dei to artane.

At hjorten har kjempa viser den store skaden som er på skogen. Mange tré er så godt som rundbarka og vil være daude når våren kjem. Hjorten er no til så stor skade både på skog og enga at vi som gardbrukarar må berre late att augo og ikkje sjå den dyretragedia som er i ferd med å utspele seg rundt oss, med daude dyr i skogen. Ja det ser ut som der ligg så mange dyr at Ramnen har slutta å skrike, for det er overflod med mat.

Vi som er vant med dyr og spesielt saueeigarane, ser om våren kva som ligg att etter sauene for å bedømme om dei finn nok mat. Dette har vi sett på hjorten også. Tidlegare på vinteren låg der store mengde parlar etter han, men i det siste er snøen omtrent rein. Dette tyder på at han får i seg lite mat.

Krepert hjortekolle mars10

Det er nok mange slike som dukkar opp etterkvart som snøen forsvinn. Denne fjorskalven var det ikkje noko gale å sjå på før den plutseleg låg der dau. Kalven har eit normalt og god kroppshald.

Men om nokre veker no så er den kalde vinteren gløymd, og vi får ein vår som vil verke inn på både menneske og dyr. Ja eg trur at mange som no veks opp ikkje har fått opplevd denne overgongen mellom vinter og vår, slik den våren som vi forhåpentlegvis no har i vente.

Løvetann 140510

Dette er  ei plante som vi bønder ikkje vil ha i enga, men du verden kor eg lengtar etter å få sjå den att.