Korleis namnet har oppstått veit kanskje ingen sikkert, men eg ser at Hole -Johan brukar namnet i dagboka si frå 1917, då kvistadsauene snøva nede der inne. Dei gjekk der i dagevis med tildels innleigde folk å leita "frå Noklane og oppi Danmarksdalen", skriv han.

Trygve Finnes seier at dei også kallar staden Danmarksdalen. Nede ved sjøen heiter det Danmarkshølen.

Kanskje var det ein som etter å ha klatra opp dei bratte Skåraskredene og kom oppå kanten utbraut. "Her e det no flatt som i Danmark"!

avfoto 008

Her er eg på jakt i Russadalen i 1968. Den karakteristiske Jakta til venstre. Flata med snø på som ser ut til å gå i eitt med Jakta, er ein del av Danmarkdalen. Eg trur ikkje eg var klar over det der eg sat. Tenkte nok mest rypejakt.

Året 1972, i juli, gjekk Jon Kvistad,( Åsebø-Jon), John Solhaug og eg til Kvamsedalen. Den tida måtte vi gå frå Fonna, så ein Kvamsedalstur var ein god del lenger enn i dag.

Etter to dagar med fisking og avslapping drog John Solhaug heim att, medan Åsebø-Jon og eg vart att. Og 3.dagen tok vi laust og gjekk opp Skårasanden, over Kjerringøyra, og endeleg var eg i Danmarkdalen. Den såg ikkje ut slik eg hadde forstilt meg. Eg trudde den var endå større, men det var flott å vere der!

avfoto 2 (4)

Jon hadde med fotoapparat, og her har eg teke eit bilete av han etter at vi kom ned frå Kjerringøyra. Han ligg her øvst i Danmarkdalen.

avfoto 2 (5)

Her sit eg oppå Kjerringøyra og dinglar med føtene og kikrar mot Urke. Bjønnøyra eller Lissjehonnet som dei på Skår seier stikk kvasst opp til venstre i biletet. Foto Jon Kvistad.

065

Her er eit betre bilete av Lissjehonnet. Skårasalen høgst til venstre.

Men Bjønnøyra viser kanskje ikkje her heller?

028

Dei som bur på Urke veit nok kva som er Bjønnøyra. Dette i fylgje ei skårataus som eg kjenner. Er dei enige med min onkel? Lissjehonnet viser i alle høve godt frå ferga.

avfoto 2 (3)

Her er det like før vi tek til på råsa mot Styggegjølet. Jon ser mot Bjørke. Tussavatnet til venstre. Nedste enden av Danmarkdalen til venstre for Jon.

Dette var min første tur i Danmarkdalen. Det var truleg den siste for Jon.

I juli året etter omkom han i ei drukningsulukke på Grønland, der han var på fiske.

Seinare har eg vore i Danmarkdalen 2 gonger i lag med Elling, bror til Jon.

Ein gong gjekk vi over Skårasanden og ned i inste Skåradalen på jakt. Då fann vi på å at vi skulle gå i Dannmarkdalen ved å gå opp breden mot Danmarkskaret. (mitt namn på skaret). Men heilt oppe i enden på breden var det knallhard is, så det gjekk ikkje å kome seg til fast fjell. Då kom vi på å skyte oss trinn i isen. Det gjekk med 4 skot og dermed hadde vi 4 passelege trinn å sette foten inn i . Og dermed var eg i Danmarkdalen for 2. gong. Det var første gongen eg gjekk rett ned på Fannaneset ved Kvamsedalsvatnet. Fint å gå mellom 2 gjøl.

047

Her ser ein Danmarkskaret mellom Otolhornet og Kjerringøyra, og breden der Elling og eg "skaut" oss over i Danmarkdalen. Det sikraste er å gå skreda opp mot Otolhornet, der er det fint å gå.

Neste tur i Danmarkdalen var betydeleg verre. Elling sakna sauer og så hadde han høyrdt at dei såg ein tvillingsau i Danmarkdalen frå Viddal. Dette var 3. oktober 1976. Vi vart køyrde til Viddal, der Syver Hole rodde oss over til Nesset. Så starta turen rett opp mot Danmarkdalen. Eg hadde med hagla også. Bratt og tungt, men problemfritt for oss som var i kalasform den tida. Vel oppe såg Elling at det var "Dresen" sin tvillingsau. Men sjølvsagt skulle vi ha den med oss. Det gjekk heller dårleg. I staden for å ta råsa mot Styggegjølet sette den av nedover mot Mjølfossen.(Elva som renn frå Danmarkdalen). Elling kjende til at det var ei svinemark. Til slutt stod dei faste på ei hylle. Det enda med fjellklatrarar ein dag seinare.

Då vi kom ned til Kvamsedalsvatnet var det teke til å skymest. Det vart ein lang tur heim. Frå Kvistadsetra og heim att var det heilt mørkt. Og den steinete råsa var ikkje god i mørkna.

Då vi kom inn i Åsebøfjøsen i halv 9 tida hadde Pernille, mor til Elling vore redd for oss lenge. Betre stod det ikkje til i Larsagarden. Dette var lenge før mobiltelefonen si tid.

avfoto 2 (12)

Her er einaste biletet eg tok på turen, med Helga sitt instamatic kamera, som eg fekk låne av og til.  Vi nærmar oss kanten på Danmarkdalen. Og Elling ser seg tilbake mot Viddal.

062

I august 2008 "feira" Helga og eg 40 års bryllaupsdag i Skårafjella. Då fekk ho også sjå Danmarkdalen på vår veg frå Otolhornet til Kjerringøyra. Om du klikkar på biletet ser du kanskje sauene til Lasse Sæbønes ved nedste snøflekken.