Perry Bjørke
Perry Bjørke fekk den gjêve
Aktivitetsprisen på 10.000 kr.
i tillegg til diplom frå
Sunnmøre frilynde Ungdomsl.

Perry var oppringt av fleire styremedlemmar i forbindelse med Sunnmøre frilynde ungdomslag sitt årsmøte og dei ba han spesielt om å kome på møte. Perry undra seg litt på dette, men tenkte at sidan han hadde hatt sterke meiningar om korleis midlane etter salet av Sunnmørsstova skulle fordelast, så det var nok her dei ville ha han med i ein diskusjon. Men noko stemte ikkje heilt her heller, for det var ikkje nemt i saklista. Men å møte på årsmøte skulle han i allafall, så det var igrunnen ikkje så mykje meir å tenkje på.

Etter at årsmøte hadde konstituert seg så skulle den gjêve prisen "Aktivitetsprisen 2009" utdelast og då kom det meir eller mindre som sjokk på den mangårige leiaren for Skjåstaddalen undomslag, at det var han som var utvald til den gjêve heidersprisen.

Leiaren for laget, Arnstein Sætre delte ut den personlege prisen på kr.10 000 til Perry for eit godt lagsarbeid og for ein utruleg innsats for lag, ungdomsarbeid og å ta vare på ungdomshuset Haukly. Perry har vore ein kløpper  å skaffe penger der det fanst, og som leiaren sa det - " Det fins vel ikkje nokon som eig ein pengesekk som ikkje kjenner Perry"

Perry takka for den gjêve prisen ved å samanlikne ungdomslaga sitt behov for eit ungdomshus som idrettslaga sitt behov for fotballbane. Men idretten er så mykje betre med å styre kvar pengane går til. Kulturen sine penger femner over så mangt og der er så mange som vil ha av dei, og dei vert delt ut i alle samanhengar. Derfor er det så tungt å være leiar i eit ungdomslag med ansvaret for eit forsamlingshus, sa Perry. Men eg har vore med  i ei nedhøgging av høge dørstokkar i alle desse åra, sa prisvinnaren

Søndagskafê på Haukly ungdomshus.

Perry Bjørke har jobba meir eller mindre "deltid" på Haukly sidan 1990. Dei to åra bygginga pågjekk hadde han ei prosjektstilling gjennom arbeidskontoret og etter den tid har det vore mykje vaktmeisterjobbing og siste tida delvis styrt med husøkonomien. Han og samburen Olga, har delt på leiarvervet i laget dei siste sju åra.Han dei siste fem. Ofte har han meir eller mindre "budd" på huset og det har vore ein kamp å finne midlar til velikehald og straumutgifter.

Ved siste årsmøte takka han av og overlet leiarvervet Svein Magne Humberset og kasserar Anette Alnes og er sjølv no nestleiar.

Det er no godt å sleppe leiaransvaret, seier Perry, og følte at nok var nok. Kjelder som hjorundfjord.no har vore i kontakt med, seier at innsatsen til Perry har vore heilt avgjerande for at der er eit ungdomshus i det heile på Bjørke som er i den stand som det er no.

På søndagskafên no, sist søndag, fekk Perry takk også frå sitt eige lag for den fenomenale innsatsen som han har utført for Skjåstaddalen ungdomslag.

Magnus Skjerdal og Perry Bjørke

Magnus Skjerdal overrekker her boka Livsspor av Valborg Hustadnes. Tittelen var passande til ein som har sett sitt livsspor i ungdomlaget.

Dette var kjekt Perry, og det må følast bra å få denne tilbakemeldinga om at det arbeidet du har gjordt desse åra vert sett pris på?

-Ja det er nesten uverkeleg og det har vore ei underleg følelse dei siste dagane. Det går nok nokre dagar før det sekke skikkeleg inn med meg.

Skal du berre trekke deg tilbake og berre slappe av no då?

-Nei, eg brenn fortsatt for å lage til aktivitetar for born og unge, og å skaffe midlar til Haukly. Her skal eg hjelpe til ilag med den nye leiaren. Kanskje mine kjennskapar og kontakter rundt omkring kan være til nytte fortsatt. Og få meir styring av tippemiddlane til bruk av vedlikehald på kulturhusa, skal eg jobbe det eg kan med vidare, avsluttar den takksame prisvinnaren.