Villaksen som forsvann.

Til årsmøtet sundag kjem journalist og forfattar  Svein Åm, han vil syne bilete, film og fortelje om villaksfisket i Bondalen då fiskarane stod side om side ved elvebredden.

Mellom anna har Åm ein 9 minutt film frå Sæbø på tidleg 70-tal, som syner laksefisket og elles folkelivet på Sæbø, Mange har nok ikkje sett den.

Styret i Hjørundfjord kulturvernlag håper at mange kjem og får med seg dette foredraget, filmen og bileta av Svein Åm.

Elles har Hjørundfjord kulturvernlag har hatt svært aktivt år i 2009.

imgp5415_1

Bakketunet fekk nytt torvtak hausten 09  (klikk på lenkja)

Bakketunet
Kulturvernllaget har siste åra arbeidt med restaureringa av Bakketunet på Åkre. Delar av tunet er datert tilbake til mellomalderen og er automatisk freda, difor har Hjørundfjord kulturvernlag fått midlar frå Riksantikvaren til dette arbeidet.

Notanaustet.

Notanaustet på Bjørke er omlag ferdig restaurert så langt som planane er til no. Der har bygdafolk lagt ned hundrevis av dugnadstimar. Til sommaren i samband med Dei Nynorske Festspela skal Kulturvernlaget ilag med Festspela ha tilstelling der, då kan alle som ynskjer få sjå resultatet av arbeidet vårt.

Sommarfjøs i Kvistaddalen.

Til våren startar restaureringa av sommarfjøsen som ligg ved inngangen til Kvistaddalen. Her har vi fått ein del midlar frå fylket, og vi har ansvarleg handverkar på plass. I tillegg skal miljøet rundt fjøsen fram att i dagen.

Stavset internatskule.

På Stavset arbeidar kulturvernlaget med å få til ei restaurering av  internatskulen. Dette arbeidet er i startgropa, vi kjem til å samarbeide med grunneigarar. Skulen er faktisk spesiell i landsmålestokk. Vi i kulturvernlaget har kun greidd å finne fram til ein annan internatskule for småskuleborn i Sør-Norge, den ligg i Vest Telemark.

Slikt restaureringsarbeid tek tid, men greier vi å skaffe midlar, er målet å ha skulen restaurert til 100- årsmarkeringa i 2015.

 

Kaffi og noko attåt.

Vel møtt til alle også ikkje medlemmar!

 

Synnøve Rekkedal Hill

-styreleiar-

 

 Hjørundfjord kulturvernlag  – kva har vi gjort og kva vil vi gjere?

Bakketunet

Ellingfjøsen

Hj. fj kulturvernlag torvtak Hj. fj kulturvernlag stavset

 Stova fikk torvtak i haust. Vi traff ei av dei verste regnvekene då fagfolk, nemingar og lærlingar møtest for torvlegging med russisk never og lokal torv. Avdekking av gamaltaket viste svært ulik kvalitet på tro og sperrer. Mykje måtte leggast nytt og kostnadane med det og nevra tok mykje av budsjettet. Stova med utvendig panel er venta fullført komande sommar.

Ein vårfjøs på vegen inn Kvistaddalen. Dette er eit tradisjonelt grindbygg som Hk har fått 40 000 kr for å setje i stand. Vi synst denne fjøsen som eit vitne på ei tid som var. Han står og lagleg til i vegkanten slik at han vert sett av dei mange turistar som etterkvart fer inn dalen. Arbeidet er meint starta no til sommaren.

Notanaustet

Stavsetskulen

Hj. fj kulturvernlag notanaustet Hj. fj kulturvernlag

Sist år skjedde det mykje med naustet. Det vart ferdigkledd og endeveggen vart og kledd med lemar som kan hektast av. Golvåsar vart lagt ned og golvet kom på plass. Øvste del av naustet er såleis klar for bruk. Båtar og utstyr tilhøyrande den gamle naustbruken skal på plass i nedste del av naustet der våren som før, kan føre båtane ut på sjøen om ønskt.

Skulen er som gamal internatskule eit spanande og sjeldant historisk dokument for landet og ikkje minst for Hjørundfjorden. Hk har arbeidd ei tid med å få til eit samarbeid med eigarane og vernemynde om nennsom rehabilitering der internatskulen framleis er tatt i vare, men tilrettelagt for ny bruk. Hk har søkt om støtte til eit slikt utgreiingsprosjekt.

 

 

 

Årsmelding Hjørundfjord kulturvernlag år 2009

 

Førre årsmøtet vart halde på Sæbø skule, sundag 10.mai 2009.

Synnøve Rekkedal Hill, opna møtet kl. 1500. Ho vart so vald til ordstyrar. 29 personar var til stades. Innkalling, årsmelding og rekneskap vart godkjende. Per Atle Røe informerte om Hjørundfjordråse og synte lysbilete. Han var ogso innom bygdemobiliseringa og Hjørundfjordportalen. Under ymse, kom det forslag frå Einar Saure om dendrokronologisk undersøking av hus i Storfjordområdet. 40-50 hus kan vere aktuelle. Dette er ei sak det er vel verd å gå vidare med.

Framlegg til handlingsplan, vidare for 2009, vart framlagd. Hovudprosjekta her var Ellings-gardfjøsen på Kvistad. So var det Bakkegarden på Åkre, med sine eldgamle hus, og internatskulen på Stavset. Det langvarige arbeidet på notanaustet, på Bjørke, vil ogso halde fram.

Deretter var det val, ved Olav Stokke. Samansetjinga av det nye styret vart slik:

Synnøve Rekkedal Hill, leiar.— Per Atle Røe, nestleiar.— Kjell Arne Årseth, skrivar.

Styremedlemer: Helge Nordang; Oddhild Saure Bogen; Marita Sandnes Saltre.

Varamedlemer: Ingeborg Standal; Karin Gjerset Trandal; Halvard Urke.

Revisor: Torbjørn Urke

Valnemnd: Olav Stokke; Svein Stavset; Trygve Finnes.

Det her vore halde fire styremøte dette året. Laget har no 130 medlemer. Ein god auke i frå i fjor. Som vanleg har det vore ein heil del synfaringar, fleire stadar i fjorden. Me ser attende på eit særs aktivt år i laget, men som før, er det å skaffe midlar til prosjekta den store utfordringa. Her utgjer medlemspengane ein viktig del av drifta, so me kunne nok alltid ynskje oss enno  fleire støttemedlemer!

Hjørundfjorddagane i år hadde landbruk som tema. Kulturvernlaget deltok, og stilte ut ein vedhoggar og ein av dei fyrste traktorane som var i bruk her. Vedhoggarane var mykje brukte i Hjørundfjorden. Me veit ikkje sikkert om det var ei lokal oppfinning eller om liknande maskineri var nytta ogso i andre bygder. Ein motor overførde krafta, med reimdrift, til eit stort svinghjul, påmontert kniv. Hoggaren kappa risved i høvlege lengder, og kasta han inn i vedhuset, med stor kraft.

Traktoren, ein ombygd T-ford, var eigd av Oskar Sæbø. Denne har vore lagra i presteløda, på Sæbø, i fleire tiår. Han er no  flytta til det tidlegare Stormøllen-lageret. Der får laget disponere ein del av golvarealet, og ei gruppe, med teknisk interesserte har starta arbeidet med å restaurere han. Målet er å få han i original og gangbar stand.

I Sykkylven er der ei gruppe som driv med veterantraktorar, og me fekk dei til å stille ut nokre av klenodia sine på skuleområdet.

Dette året var det kulturvernlaget som disponerte gymsalen på skulen. Her hadde me god plass, til å samle personar som kunne syne fram tradisjonelt handverk, og dette var tydeleg eit populært tiltak.

 

 

                                                                                                                                             Side 2

 

På Hjørundfjorddagane vart det ogso avduka ein modell av Risesætra. Magne Årseth, som bygde modellen av det gamle Risetunet, har ogso bygd denne. Ragna Riise, stod for

avdukinga. Kulturvernlaget har dekt materialkostnadane, og står som eigar. Sætremodellen står no på Hjørundfjordheimen, og Risemodellen på Hotellet. Målet på sikt, er å kunne  stille ut båe  modellane i same lokale.

Me søkte Norsk kulturråd om stønad, og fekk kr. 30 000,-- til å dekke kostnadane våre, i samband med dagane.

Under Naturfestivalen, arrangerte laget ei vandring på Skår. Vel 100 personar deltok og dei fleste tok ogso turen opp til sætra. Jarle Walseth var ein glimrande vegvisar.

Notanaustet på Bjørke er i ei særstilling med omsyn til dugnadsinnsats. Ogso i år har det  vore utført mykje gratisarbeid. No er prosjektet snart i hamn, og me har planlagt opning, kombinert med eit arrangement i samarbeid med Dei nynorske festspela.

Restaureringa av Bakkegarden, på Åkre, gjeng etter planen. Sist haust vart det lagt nytt torvtak på stova. Etter ynskje frå fylkeskonservatoren og Riksantikvaren, vart taket tekt på gamlemåten, med næver under torva. Eine taksida vart lagt etter tradisjon frå Nordmøre, og den andre etter Vossatradisjon. Grunnen er at ein er usikker på korleis tradisjonen var på våre kantar. Dersom nokon sit på kunnskap om dette, so hadde det vore interessant for kulturvernlaget å få del i kunnskapen.

Ellings-gardfjøsen på Kvistad, er eit prosjekt der planarbeidet er ferdig. Me har fått noko midlar frå fylket, og med dugnadsinnsats i tillegg, er målet å få dette prosjektet ferdig i år. Fjøsen ligg fint til, like inntil vegen som fører til Kvistaddalen, Kvamsedalen og Skårasalen. Planen er at fjøsen skal vere open for alle, og at han skal verke som ein ”informasjonssentral” for alt som ligg i området innanfor. Då tenkjer me på kart, turinformasjon, historikk o.a. 

Som me veit er det ein aukande straum av fastbuande, og tilreisande som nyttar dette turområdet, og då særleg Skårasalen. Det høgste punktet på vestsida av Hjørundfjorden.

Stavsetskulen, som var ein internatskule, syner seg å vere meir skjeldan enn me hadde trudd, i alle fall i Sør-Noreg. Me har so langt, berre spora opp ein til, som ligg i Vest-Telemark. Noko anna som ogso er skjeldsynt er at han er i ganske original stand, med eit grønsåpeskura interiør, som står urørd. Det er enno mange uløyste spørsmål i samband med istandsetjing og bruk, men i samarbeid med grunneigarane og folket på Hjørundfjordstranda, vil me arbeide vidare på prosjektet.

Me vil ogso å år takke for all godvilje, hjelp og  støtte til arbeidet i Hjørundfjord kulturvernlag.

 

 Rise 18. mars 2010;   Kjell Arne Årseth, skrivar.