Vil du sjå fin utsikt, kan det vere klokt å klikke på fotoa.

Planen var rett nok eit anna fjell, men straks turen var over  angra vi slett ikkje på at det vart Koppefjellet frå Aldalen. Og er du litt lat ein dag høver dette fjellet fint - stigninga frå parkeringsplassen er berre 660 m.  I gamle dagar var det eit skitrekk i dette området, men no var det ikkje spor å sjå etter dette lenger.  Biletet under er teke frå parkringsplassen i Aldalen og  raud strek viser turen opp, blå strek viser turen ned.

001b
Koppefjellet er der blå og kvit strek møtest.

Sist veke var det ein god del laussnø og dermed er det godt å ha med ein kompis/svigerson på tur.  Og er du som meg, av den meir høflege typen, let du turkameraten gå først.

018 (2)
Ikkje så mykje skorpe her, nei.  Fred Ingar (Somby) er flink til å trakke spor.  I bakgrunnen ser vi at isen ligg heilt ut til Årsetøya i Austefjorden.

Både på turen opp og på turen ned held vi oss unna den freistande sørsida av fjellet.  Vi såg ingen teikn til flakaskred, men sola hadde varma såpass mykje at ein god del med snø hadde rulla nedover.

_IGP5737b
Underteikna i ferdigtrakka spor på veg opp etter sørvestryggen mot toppen.  I bakgrunnen Kilsfjorden.

024 (2)
Det 938 meter høge Koppefjellet vert nådd.  For den som likar bondalsfjella er dette eit vakkert motiv.

027 (2) 029 (2)
Til venstre er det klargjering før nedkøyringa.  Til høgre utsyn mot Høydalen.

Også på vegen ned heldt vi som nemnt oss unna sørsida av Koppefjellet, kanskje den mest naturlege vegen.  I staden valde vi å renne ned etter ryggen til høgre - sjå foto.  Det hadde vi kanskje ikkje gjort om vi var svært redde for å få striper under skia.  Øvst oppe small det til tider stygt, men det retta seg lenger nede der det var nok snø.  Likevel - denne ruta kan anbefalast.  På foto under har Fred Ingar grøn jakke, underteikna si jakke er raud.

_IGP5747b _IGP5752b

042 (2)

036 (2) _IGP5755b
Nokon som no tvilar på at "vesle" Koppefjellet er eit skifjell å rekne med?

052 - Kopi
Og alle var samde om at det var ein gild tur.

Og berre så det er sagt - då vi kom til Volda knappe halvtimen seinare yra det frå skodda...

Og quizen under tvilar eg sterkt på at nokon greier det første døgnet - heller ikkje Svein Myhre. :)

037 (2)
Kva heiter det næraste fjellet?