Etter at vi har vore med på å sette rekord i haustens kamp mot Elnesvågen var vi no spent på korleis dette skulle gå.
Haustens kamp var var kommentert i Handballbladet det det blant anna stod noko om målrekord i ein kamp og at "det er skjelden at det tapande laget skårar 33 mål".. Resten kan dei som har bladet lese sjølv!

Sæbø/Åmdal - Elnesvågen

Kampen starta bra og var jamn og spennande heile første omgong. 20 min. ut i omgongen leia vi 12 -10 og etter at det rakna litt mot slutten av omgongen  kunne jentene gå til pause med resultatet 13 -17.

Andre omgong starta med eit lite overtak til Elnesvågen men ingenting var avgjordt før etter halvspelt sisteomgong. Elnesvågen stakk frå og kunne juble over siger. 38 -29.
Godt keeperspel av Liv Grete og ei Silje i toppslag var spesielt gledeleg i denne kampen. Det er også gledeleg at 10 av jentene skåra, då er vi med ein gong falegare framfor mål. Dessutan satt forsvaret nesten perfekt, noko vi ser stor framgong på sidan starten av sesongen.

Mot Elnesvågen 3

Silje var dagens toppskårar med 11 mål.

mot Elnesvågen 9

Liv Grete spelte ein kjempegod kamp som målvakt.

mot Elnesvågen 1

Malene vart godt påpase av Elnesvågjentene.

Jentene spelte kjempegodt og å tape med 9 mål mot topplaget i divisjonen kan vi leve med!

Dommarparet Pedersen var upartiske og gode, kjempeviktig for å få ein god kamp! 

Desse jentene var med mot Elnesvågen: Elisabeth Skogen, Liv Grete Stokke 1, Silje Anette Sandnes 1o + 1 straffe, Malene Aambakk 2+2, Torill haugen Øye 2, Anette Mork 1, Sara Konstanse Årseth 1, Else Marie Stokke 4, Helene Andreassen,
Aina Opsal Bakke, Marthe Takseth 2, Hanne Stokke, Kathrine Brekke 1 og
Ingrid Aam 2. 

Sæbø/Åmdal - Åndalsnes

Søndag var jentene klare for kamp mot Åndalsnes. Desse damene var eldre og med meir erfaring og ligg på 4. plass på tabellen. Haustens kamp enda med tap 39 -24...

Også denne kampen starta godt, jentene leia dei første minutta, etter det vart dei vel ivrige og det vart mykje stang ut og i veggen. Slik fortsatte det til 5 min. før pause då jentene tok til vettet og starta opphentinga. Pauseresultatet var
13 -17 etter ein dårleg omgang. 

Andre omgong starta med nytt overtak til Åndalsnes før jentene dei 15 siste minutta tok opp jakta. Då det stod att 10 minutt av kampen var stillinga 21-21 og vi såg at det var muleg å få poeng. På stillinga 24-24 og med Malene i rusj vart ho skubba med stive hender og heldt att i trøya utan at dommarane bles og vi var naturleg nok uenige (utan at det hjalp det minste...).
Resultatet vart 26- 26 etter ein flott avslutning på kampen. Elisabeth hadde mange fine redningar, mens heile laget til tider kjempa godt ellers i ein kamp vi eigentleg burda ha vunne!

mot Åndalsnes 5

Anette

mot Åndalsnes 2

Synnøve, Else Marie og Silje i forsvar.

mot Elnesvågen 10

Elisabeth hadde mange fine redningar,

Desse jentene var med i kampen mot Åndalsnes:
Elisabeth Skogen, Liv Grete Stokke, Silje Anette Sandnes 4, Malene Aambakk 3+4 , Torill Haugen Øye 2, Anette Mork 1, Sara KOnstanse Årseth 3, Else Marie Stokke 3, Helene Andreassen 1, Aina Opsal Bakke, Marthe Takseth 2,
Synnøve Eikås og Kathrine Brekke 3.

 publikum

Litt av publikum!!!

Malene

Vi gratulerer Malene med uttaket til NM for 17 åringar der ho skal representere Region Midt-Norge!

I tillegg er Silje og Else Marie uttekne til RLM (Regional Landslagssamling) i Trondheim denne veka, og reiser dit for å trene tirsdag.

Tek med nokre bilder frå kampane mot Skaun og Flå/Lundamo forrige helg.

 

skaun 5 

Else marie går på mål

skaun 6

blir skubba

skaun 7

men det er ikkje noko å bry seg om syns dommarane.. 

skaun 21

Karen, enten fekk ho mål eller så var det straffe, huskar ikkje heilt. det er mykje rart å sjå når ein står bak mål, mange rare situasjonar som dommarane ikkje bryr seg med..

skaun 22

Liv Grete

skaun 19

Jaja, litt må ein no tåle..

skaun 16

Synnøve VIL ha ballen!!

skaun 12

Liv Grete i ein forunderleg dans.. Marthe, Elisabeth og Silje i forsvar.

skaun 2

Ha deg vekk! Ingrid og Aina er enige..

skaun 24

Høge jenter på Skaun..

flå 3

Torill, Malene og Else Marie i kamp om ein flå/Lundamo spelar!

skaun 4

Prat i garderoba i pausa i kampen mot Skaun.

Kampane enda i tap, 26- 28 mot Flå/Lundamo og litt meir mot Skaun.