Når du kjem køyrande etter E 39 frå Festøya mot Ørsta, oppdagar du snart ei røyrgate på motsett side av dalen straks du kjem til Vartdal. Let du så blikket gå vidare mot høgre og oppe frå toppen av denne røyrgata, ser du Bergehornet der det ligg rett ovanfor fjorden og europavegen.

Vartdalingen Geir Hole trur nok at det er den vanskelegare tilgjengelege toppen Vassdalstinden som er stastind nummer ein på Vartdal, men han legg straks til at Bergehornet, dette flotte utsiktspunktet, kjem på ein god andreplass.

031b
Utsikt mot sørvest.  Vi ser m.a. Hareidlandet og øyane lenger sør.  I framgrunnen den kjende steinhella på toppen av Bergehornet.

Jakob (junior), Ronny Haugen og underteikna bestemte oss for å ta turen opp på dette fjellet sist søndag.  Vi tok av til høgre (mot sør) før brua over Storelva rett før vi kom til Vartdal sentrum. Ser du eit skilt med "Skytebane" på er du på rett veg.  Det går ein veg opp til eit kraftverk, men vi tok av til høgre før vegen til kraftverket og køyrde opp  til Remen (sjå kart)og parkerte ved enden av vegen.  Så tok vi på skia og gjekk  opp og til venstre - mot ei kraftline -  og etter kort tid var vi ved det nemnde kraftverket og drikkevassinntaket.

001
Jakob, til venstre, og Ronny gjer klart til start.  Opp til venstre på fotoet skimtar du røyrgata.  Skaret her har namnet Risaskaret.

Det er forresten ikkje alltid du er så heldig, sjølv ein vintersdag,  at du kan ta på ski rett utanfor bilen på Vartdal og gå til fjells.  Langs røyrgata der vi gjekk oppover var det rett nok ikkje så mykje snø, men likevel nok til at vi kunne gå der utan problem.  Etter eit brattare parti i skog rett etter kraftverket, var turen oppover til Risaskaret slakk og fin.

004b 009 b
Først eit brattare parti opp gjennom skogen rett etter kraftverket (t.v.) så slakkare terreng  oppover mot Risaskaret.  Røyrgata ligg til høgre.   Obs -pass på den lave kraftleidninga langs røyrgata. Vartdal i bakgrunnen.

Dessverre skulle det vise seg at vêret ikkje vart det beste sist søndag.  I Risaskaret var vinden heller kraftig og sola glimra med sitt fråvær. Dermed vart det etter kvart skikkeleg blindeføre

011 - Kopi
Det er to lange bakkar opp til Bergehornet frå Vartdal.  Jakob er her nesten på toppen av den første - i Risaskaret.  I bakgrunnen ser vi Bergehornet og den noko kortare, men brattare bakke nummer to opp mot toppen av fjellet. Av fotoet ser vi også at det er lite snø.

 015b
Tid for ei pause.  Her er det Ronny som får i seg ei brødskive eller to i Risaskaret..  Dessverre måtte Ronny snu ned att like etterpå p.g.a. av eit kne som ikkje ville samarbeide.  Vonde kne og skorpe på snøen er ikkje noko for spesialistar i telemarkkøyring.

Frå Risaskaret og bort-/vestover til bakke nummer to er det ikkje stor stigning.  Men den siste bakken er relativ bratt - opp til 35 grader på slutten.  Likevel var det ingen problem å gå med ski på heilt til topps sist søndag trass i eit skorpelag heilt opp.  Å bere opp skia etter den normalt avblesne austryggen kan sikkert vere eit alternativ om austsida er hard.  Det må berre innrømmast at det var såpass surt og kaldt oppover at vi ikkje tok oss tid til fotografering.

Jakob nemnde forresten ein gong at eg gjekk fort, men tydelegvis ikkje for fort - han trakka bak på bakskia mine med jamne mellomrom heilt til han passerte meg nesten på toppen.

020 - Kopi
Jess - så er vi på toppen.  Ikkje første tur for Jakob, men første gong til topps med nytt utstyr.  No meiner han at Dynafit er svære greier.... (Får vi pengar for slik reklame?) Tek eg ikkje heilt feil er det øya Runde vi skimtar i venstre biletkant.

Som nemnt viste Bergehornet seg å vere eit fantastisk utsiktspunkt.  Og tenkt om det hadde vore sol og klar himmel...  Dette fjellet gjer kanskje ikkje så mykje av seg, men kan absolutt anbefalast.

033 - Kopi
Og her ser vi både Vartdal(søre), Sula( i bakgrunnen) og litt av Hareidlandet.

030b 034 a
Faren må ha eit bevis på at han kom opp han også. Varm, sterkt solbærsaft er ein drikk som høyrer med på ein slik topptur. (Foto t.v.).  På foto til høgre vender vi oss 180 grader og ser i sørleg retning  - meir vinter her, ja.  Av dette fotoet ser vi også at Svein Myhre hadde rett på quizen under turen til Koppefjellet.  Det er nok Saudehornet vi ser rett over hovudet til Jakob.

Bratt lende, skorpeføre, fare for stein og dårleg/flatt lys er ikkje forhold som skikøyrarar likar så godt. Så trass i at det må vere ei fantastisk side å Køyre/renne ned når forholda er gode, vart det ikkje sett av særleg tid til fotografering på turen nedover.  Vi nøyer oss med eitt av Jakob.

040 - Kopi
Jakob på veg ned mot Risaskaret.

045
Ok - eitt til.  Jakob markerer her at vi møtte hjort på vegen.  Vi ser her også den låge kraftlinja.

Ikkje så flott skitur denne dagen, men hit skal eg tilbake - ver sikker.

Takk for turen.