Slik fortel Knut Riise (www.hjorundfjord.no) om korleis han opplevde det då fonna gjekk ein vinterdag i februar 1968. I år ønska personalet i Sæbø barnehage å formidle kunnskap om hendinga til barna i barnehagen. Barna kjenner jo godt til trappa som står der åleine på Risemarkane, og dei undrar seg over denne og over minnesteinen som står framom. No ville vi ta oss god til å fortelje om det som skjedde.

historiebilde

Bildekollasje som dei vaksne laga for barna som grunnlag for studiar og samtalar.

Med utgangspunkt i overleveringane som vi fant på Hjørundfjordportalen arbeidde vi saman med barna for å lære oss meir. Vi fortalde, såg på mange bilde frå før og no, såg filmar frå youtube og besøkte modellen av gamle-Rise. Barna laga hus slik dei såg på modellen og dei har teikna masse. Dei har teikna huset til Knut, fonner, fonnvern og flodbølger. Ja, dei har nok fått med seg Åkernesrenna med.

barneteikningar

Eit lite utval av teikningar som borna har laga.

risehusa som barna laga

Borna har vitja hotellet og studert modellen av gamle-Rise. Etterpå laga dei sin eigen modell.

Det største høgdepunktet var då Ragna Riise kom på besøk og fortalde om korleis ho opplevde å bli tatt av fonna og at ho mista minsteguten sin, han Ivar. Han var då like gamal som fleire av barna som høyrde på. Ragna fortalt og at vi må vere forsiktige med trappa og rekkverket slik at rekkverket ikkje blir øydelagt. Trappa må få stå slik at vi alltid kan hugse det som skjedde.

ragna riise

Ragna Riise fortel og viser bilde.

Prosjektet vart avslutta med korte minnestunder attmed gravene til dei døde; Ivar Riise og Torstein og Hjørdis Årseth. Trappa har det ikkje vore råd å besøkje no, der er alt for mykje snø (og fonnfare).

minnestund

Minnestund. Borna tende lys på grava til Ivar Riise og på grava til Torstein og Hjørdis Årseth.

Vi vaksne var litt redd for skremme barna, men det viste seg snart at dei fleste kunne mykje om fonner og at dei meistra temaet også kjenslemessig. Sjølvsagt kanskje, vi er trass alt Hjørundfjordingar. Eller som vi seier i barnehagen: ”Eg er liten eg, men eg vågar meg”.

Rammeplanen for barnehagen sitt innhald seier at barna i barnehagen skal blir kjende med historiske endringar i lokalmiljøet og samfunnet. Planen seier og at barna skal erfarer at grunnleggjande spørsmål (td om døden og livet) er vesentlege, ved at dei får høve og ro til undring og tenking, samtalar og forteljingar. Begge deler er stetta gjennom arbeidet skildra over.

Eg vil elles rette ein takk til alle som direkte og indirekte har hjelp oss med å formidle dette tema. Også alle de som har lagt ut tekst og bilde på portalen som vi har nytta oss av i arbeidet vårt.