Inngongsprosesjon

IMGP6656_1
004_1

Ordinasjoinsgudstenesta i Hjørundfjord kyrkje vart opna med inngangsprosesjon.  Fyrst gjekk klokkar Kjellaug Hustad med krossen. Lengst bak i prosesjonen(t.h.) ser vi ordinanden Ståle Johan Aklestad.  Bak til venstre skimtar vi biskop Ingeborg Midttømme.



IMGP6657_1 IMGP6659_1

 

Innsetjing av sokneprest i Hjørundfjord- Rolf Låge Dyrhol

006_1 008_1

På dei to fotoa over ser vi at Rolf Dyrhol vert innsett som sokneprest i Hjørundfjorden av prost Evy Kvamsdal


IMGP6662_1
015_1
Innsetjingssermonien sett frå galleriet.
Hjørundfjordkvintetten stod for fleire musikalske innslag under gudstenesta.

 

017_1
IMGP6665_1_1

På dei to fotoa over ser vi at Ståle Johan Aklestad vert framstilt av soknerådsleiar i Hjørundfjord sokn, Aanon Aanonsen.

018_1
IMGP6667_1
Elisa Stokkan les Matt.28.18-20
Grethe Lystad Johnson les:Joh.20.19-23
IMGP6668_1_1
022_1
Rolf Dyrhol les: 2.Kor.5 17-20
Evy Kvamsdal les: 1.Pet 5.1-4

 

Ordinasjon av Ståle Aklestad

IMGP6669_1_1
027_1

Biskop  Ingeborg Midttømme held ordinasjonstalen
til Ståle Aklestad. Ståle er ikkje den fyrste presten den nye Møre-biskopen har ordinert, men den fyrste ho har ordinert som ho også har følgt frå A til Å gjennom utdanninga hans.  Ståle er og den fyste som vert ordinert til prest i Hjørundfjord kyrkje sidan Møre vart eige bispedøme.

IMGP6675_1_1
IMGP6678_1_1

Her vert Ståle Johan Aklestad velsigna.

IMGP6677_1_1

 

032_1
034_1
Og så vert Ståle prest.  Det synlege beviset er den raude stolaen som vert lagt over skuldrane til Ståle av biskopen.
På fotoet over ser vi at  Ståle Johan Aklestad ikkje "berre" er cand.theol, men no også prest. (Den raude stolaen)

Stolaen, eller åket som den også vert kalla i følgje bisp Midttømme, er altså det synlege beviset på at nokon er ordinert til prest.  På heimesidene til kyrkja den norske kan vi lese føgjande:
"2. Stola godkjent til bruk i Den norske kirke er et farget bånd med bredde 8-12 cm som bæres slik at stolastolpene henger rett ned. Stolaen, av det latinske orariet, var opprinnelig en duk man la på venstre skulder og som ble brukt for å tørke av svette med. Fra år 320 hørte orariet med til biskopens embedsdrakt. Stolaen brukes i dag som et synlig tegn på at bæreren innehar Ordets embede. Ved ordinasjon får presten lagt den røde stolaen på sine skuldre.

Stolaen er et symbol i seg selv. Utover de liturgiske fargene behøver stolaer ikke ha noen symboler. Et kors i nakken (eller chi rho) forutsettes likevel på hver stola. De liturgiske fargene bestemmes til enhver tid av kirkeåret og de kirkelige handlinger, etter retningslinjene for liturgiske farger i kirkens bøker. De liturgiske fargene er hvit, rød, fiolett og grønn."

IMGP6681_1_1
041_1
Så held prest Ståle Johan Aklestad si første preike.

046_1

Det var høve til nattverd både i koret og ved inngongen i kyrkja denne dagen.

 

IMGP6703_1_1
IMGP6700_1_1
På galleriet er ein svært viktig person i arbeid.
Organist Marie Austrheim sytte for ein flott musikalsk oppleving i gudstenesta i lag med Hjørundfjord kvintetten.

 

IMGP6706_1_1
IMGP6715_1_1
Så er ordinasjonsgudstenesta over.  No er det prest Ståle Aklestad og biskop Ingeborg Midttømme som går først etter krossberaren.
Mange - sikkert alle? - nytta høvet til å gratulere og ønskje nyepresten i Hjørundfjorden, Rolf Dyrhol, og nyordinert prest Ståle Aklestad, lykke til.  Sjølvsagt var det og stor stas å få helse på nyebiskopen i Møre bispedømme, Ingeborg Midttømme.

 

IMGP6711_1_1
IMGP6714_1
Ståle møter kyrkjelyden
Sokneprest Rolf møter sine sokneborn

 

054_1

Så skulle avisene og fotografane ha sine foto. Frå venstre ser vi: Nyleg pensjonert sokneprest i Hjørundfjorden, Kåre Øygard, prost Evy Kvamsdal, kapellan i Molde, Grethe Lystad Johnsen, prest Ståle Johan Aklestad, sokneprest i Hjørundfjorden Rolf Dyrhol, biskop Ingeborg Midttømme, kamerat til Ståle, Asmund Norheim og studentprest ved Menighetsfakultetet i Oslo, Elisa Stokke.

IMGP6724_1_1
IMGP6729-1_1
Prest Ståle Aklestad og biskop Ingeborg Midttømme.
Prestane Rolf Dyrhol og Ståle Aklestad

 

066_1
068_1
Og så var det tid for kyrkjekaffi på bedehuset.  Dessverre vart bedehuset i minste laget denne gongen sjølv om det sat folk i både storesal, småsal og gang.
Og så gjer biskop Ingeborg Midttømme sitt siste offisielle oppdrag for dagen.  Ho les opp innsetjingsbrevet til Ståle som no vert vikarprest i Molde domprosti.

 

071_1
072_1
Nyepresten i Hjørundfjorden vert gratulert- og ynskt til lukke av soknerådsleiar Aanon Aanonsen.
Og etter festen kjem kvardagen også for nyepresten, men det var tydeleg at Rolf Dyrhold gledde seg til oppgåva.  Han takka og avslutta med å lyse velsigninga over forsamlinga.

Så står det berre att å takke for oss som fekk vere til stades på ein stor dag.  Legg gjerne att ein kommentar i feltet under.

 

Foto: Knut Hustad og Ivar Svein Mo