Svar til varaordføraren.
Takk, varaordførar Hovden, du er klar i din uttale om legekontor på bygdene. Legestillingane på Sæbø og Vartdal skal bort for å finansiere legesenter i Ørsta, der kvaliteten vert så mykje betre. Slik klar tale likar eg hos ein politikar, då veit eg kvar eg har deg.

Paralell til strukturdebatten.

Det eg ikkje set like stor pris på er innhaldet i bodskapet ditt, du seier nøyaktig det same som Adm Dir Bowin i Helseregion Midt-Norge, legg ned funksjonane på dei små sjukehusa, vi treng pengane til utbygging i Trondheim. Han begrunnar også nedlegginga av småsjukehusa med kvalitet.

I avisa laurdag uttalar du til Rune Sæbønes at ”Får vi bygd ut Ørsta legesenter, får vi eit mykje betre opplegg både for akuttbehandling og planlagde timar”.

Utan truverd i sjukehussaka.

Står du fast på nedbygging av legetilbodet på bygdene i Ørsta, vert du heilt utan truverd om du meinar sjukehuset i Volda skal bestå som akuttsjukehus.

Som erfaren politikar bør du sjå paralellen i denne saka til den strategidebatten og funksjonsfordelingsdebatten som no går fore seg i helseforetaket.

Eller meinar du at sjukehuset i Volda skal byggast ned for å dekkje dei enorme utbyggingane i Trondheim? Spørsmålet er i aller høgste grad legitimt!

Sentrumspolitikar.

Eg har lese det meste du har uttala deg om i avisene sidan du vart politikar, og det som skin igjennom er at du er ein sentrumspolitikar, ikkje noko gale med det, du har rett til å meine det du seier, heldigvis. Men utan sterke bygder døyr også Ørsta sentrum. Den debatten kan eg kome attende til. Så til saka om legekontor på Sæbø.

Folk på austsida av Hjørundfjorden også

Du skriv at Sæbø legekontor kan leggast ned. Det er kun 25 min med bil til Ørsta sentrum frå Sæbø, sant nok. Men manglar du totalt kunnskap om geografi og busetnad i Hjørundfjorden? Eg trudde du, som varaordførar, kjende til at det bur folk i på Trandal, Skår  i Norangsdalen, på Øye, Urke og Leknes.

For folk frå austsida av Hjørundfjorden vert det å reise heimanfrå kl 08 om morgonen for å returnere kl 15.30 for å kome seg til lege i Ørsta sentrum, dersom dei ikkje køyrer bil. Dei kan sjølvsagt ta drosje, men kva kostar ikkje det?

Dei som bur på Bjørke vil måtte også ta bussen kl 08 og heim kl 15.30. Drosje frå Viddal til Ørsta tur / retur med venting kostar.

Eg vel å tru på det gode i alle menneske, difor trur eg ikkje at du som politikar har ein eigen agenda som går på å legge ned bygdene i Hjørundfjorden, men det er rett og slett kunnskapsløyse som gjer du kjem med desse uttalelsane.

 Planlagde legetimar.

Du harselerar med at legekontoret på Bjørke kun kan tilby planlagde timar, rett nok, men dei aller fleste konsultasjonar hos doktor er faktisk planlagde. Ein går dit for å sjekke sin diabetes og få gode råd og innstilling av rett mengd insulin eller annan blodsukkerregulerande behandling. Hjartepasientar går for sitt blodtrykk, kontroll av puls og rett medisinering av sin sjukdom. Pasientar på Marivan går for å sjekke sin INR og å få dosert sine tablettar. Mennesker med smerter og plager går for å få ordna med fysioterapitimar, verte vidaresende til sjukehuset m.t.p. operativt inngrep, for å få sjukmelding om det er det som trengst, samtalar om  og undersøkingar av kvardagssjukdommar eller sjukdom av meir alvorleg art.  Slik kan eg holde fram, men desse døma bør halde.

Akutte behandlingar.

Oppstår det noko akutt, skjer ikkje det alltid i kontortida, då må ein kontakte legevakta uansett kvar ein bur, og om natta vert det på den felles nattlegevakttenesta. Er det noko akutt alvorleg som treng behandling på spesialisthelsetenestenivå, vert ein sendt vidare til grundigare undersøkingar uansett kva legekontor ein høyrer til.

Både på Sæbø og i på Bjørke greier doktoren å ”smette inn” akutte pasientar som måtte kome i kontortida.

I min alder av 56 år, har eg kun ein gong måtte kontakte doktor akutt og det var på sein kveldstid, elles har alle mine konsultasjonar vore på bestillt tid. Slik er det med dei fleste, så det at opplegget for akutte legetimar ved Ørsta legesenter vert så mykje betre ved å legge ned  legekontora på Sæbø og Bjørke, skjønar eg ikkje.

Eg skal gje deg ros for at du ser og forstår at eldre folk kan bu heime lenger ved å ha nærheit til legekontoret, slik som du påpeikar vedkomande Bjørke.

Fleire legeheimlar etter Samhandlingsreforma.

I samband med Samhandlingsreforma vert nye legestillingar kanaliserte til primærhelsetenesta, det har vorte sagt heilt sidan helsemyndigheitene tok til å utforme denne omlegginga av helsetilbodet. Det vil også gje fleire legeheimlar til Ørsta. Spesialisthelsetenesta, sjukehusa har fått melding om at dei ikkje kan vente auke i legestillingsheimlar.

No har Hjørundfjorden fått doktor som ser ut til å trivast i jobben sin. Slike signal som du no gir om nedlegging, kan gjere at stillinga vert ståande ubesatt, ingen ynskjer å sitje i utrygge stillingar. Er det det du ynskjer?

 

Rekkedal 16.januar 2010

Synnøve Rekkedal Hill