BØVIKPLANEN ER GODKJENT

Oversiktskart Norangsfjorden

Bøvika ligg omlag 2 km søraust for Urke, rett nord for Stenes, det markerte neset på sørsida av Norangsfjorden.

Etterlyste tiltak

For eit par år sidan var det 3-4 yngre par frå Norangdal og Urke som starta prosessen og etterlyste ei standardheving på denne badeplassen og ønskte i tillegg ei ballbane som inviterte til annan aktivitet.  Grendalaga har teke mot utfordringa. Det er svært positivt at det kan framførast eit felles tiltak for dei to bygdelaga. Av praktiske grunnar er det Urke Grendalag som har utarbeidd planen og syter for den vidare framdrifta.

 Grinda Åreneset Bøvika mot Skruen

Eit prospektkort frå slutten av 1940-talet viser Bøvika og omgivnadene.        Skruven t.v. og Keipen ruvar i midten. (Enerett: Oppi)

Planen er godkjend

Det er no fått på plass ein grei avtale med dei to grunneigarane, Ann Karin Maude og Henrik Maude, om å få bruke grunnen vederlagsfritt. Etter behandling i Ørsta kommune, ligg det no føre ei godkjenning om rett til å bruke området etter planen og merknadene. Det siste gjeld m.a. forbetring av tilkomst til stranda og toalettplassering.

Behovet er der

Trivsel i ei bygd eller ein by er avhengig av dei tilboda som innbyggarane og gjestene kan få. Det er ikkje berre i dei sentrale strøka ein må ha dette for augo.  Dersom bygdelaga skal vere liv laga og kunne invitere andre på vitjing, må ein kunne gi gode tilbod her og.  Det er ikkje kino, idrettshallar, symjehallar og kjøpesenter bygdene etterspør.

Bøvika juni 09 012

Badestranda sett frå rasteplassen. Ved flo deler steinfyllinga stranda. Fyllinga må reduserast og flyttast til venstre, opp til graskanten. Bak om strandområdet ligg marka ein vil plassere ballbana.

Ein badeplass og ein plass å drive ulike fritidsaktivitetar er eit minstekrav for ei fjordbygd dersom ein skal tru at foreldre og born kan trivast. I bygdene i Norangsfjorden er det mange grunneigarar som driv utleige av hytter og andre bustader. For dei som skal bruke desse tilboda, er det eit heilt naturleg spørsmål etter badeplass.

Det er her ein må sette sin lit til grendalaga sin aktivitet sidan det ikkje er andre organ som tek tak utanom sentrum.  Det er på denne bakgrunnen Urke Grendalag og Norangdal Grendalag har teke initiativ for å få rusta opp området i Bøvika.

 Planen

Kart Ørsta kommune 1.500

Kartskisse. P= parkering, S= havsandfylling, To= toalett, Bb= ballbane

Planen som no er godkjent inneber i hovudsak desse punkta:

- Ei inntil 4 meter brei steinfylling på den nordre delen må fjernast for å gjere stranda brukbar ved flo sjø. Dette er hovudjobben som inneber bortkøyring av stein og opplegg av ny steinavgrensing mot ei utvida strand.

- Den sørlege delen må ryddast for stein og det må leggast steinmur mellom stranda og marka ovanfor. Her skal det vere tilkomst for rullestolbrukarar. Mellom desse områda renn ein liten bekk som må overbyggast og avgrensast. Tilkomst til heile området skal sikrast ved å klippe med plenklippar ei 1-2 m brei stripe i nedkant av dyrkamarka, ovanfor steinsettinga.

- Sør for stranda steller ein til ein ballplass på 14 x 28 m med utstyr til handball/fotball og volleyball.

- Mellom stranda og ballplassen plasserer eit toalett som vert tilgjengeleg for dei som bruker badestranda og ballområdet.

- Grendalaget vil ikkje ta på seg drifta av rasteplassen som Vegvesenet driftar no, men dersom det vert aktuelt med t.d. toalettdrift her, kan Grendalaget vurdere ei samdrift. Stupetårnet som er plassert på rasteplassområdet, ser Grendalaget som si oppgåve å halde vedlike.

Økonomien må bli eit spleiselag

Grendalaga hadde nok ei von om kommunal støtte, men innser at det ikkje finst slike midlar. Ein vonar at det kan  stillast litt statlege midlar til disposisjon gjennom såkalla SMIL-midlar.

Bøvika juni 09 009

Bøvik-stranda sett frå sør. Ballplass til høgre for standplass. I bakgrunn  rasteplass og stupetårnet.

Slik situasjonen er, må grendalaga invitere til eit spleiselag og har sendt søknad om støttemidlar til 5-6 aktuelle støttespelarar som uttrykkjer at dei vil stimulere lokale tiltak som fremmar trivsel og sportsaktivitet.

I vekene framover er det utfallet av desse søknadene som vil avgjere lagnaden til Bøvik-prosjektet. Grendalaget vil bruke det som er tilgjengeleg av eigne midlar saman med dugnadsarbeid. I planen er dugnadstiltak og eigenkapital stipulert til 50.000 kr.

Håpet er at ein kan få fram økonomi til å få gjennomført arbeidet før sommarsesongen, i alle fall eit første steg.  Når det heile er på plass, skal Bøvika bli ein attraktiv bade- og aktivitetsplass for heile Norangsfjorden.  Nok eit trivselstiltak trengst for å gjere bygdene attraktive for oss sjølve og for alle velkomne gjester utanfrå.