Så kjem eit av årets høgdepunkt til sau- og geitebøndene - nemleg årsmøtet i Ørsta Sau og Geit.  Det er leiaren i laget, Odd Bjarne Bjørdal som opplyser dette til hjorundfjord.no.

Odd Bjarne
Odd Bjarne Bjørdal har vore leiar i Ørsta Sau og Geit i fleire år.

Odd Bjarne fortel at denne gongen vert årsmøtet halde i kantina i lokalet til Bjørdal Asfalt AS.  For den som er usikker kan det opplysast at dette lokalet ligg på Mosflata, i eit grått, nytt bygg. For hjørundfjordingane vil det seie rett før ein kjem til Ørsta sentrum når ein køyrer rv. 655.

Det er sjølvsagt vanelge årsmøtesaker som skal takast opp og m.a. må det drøftast om ordninga med skotpremie på rev skal halde fram  Det er eit godt miljø i laget og Odd Bjarne oppfordrar alle aktuelle bønder til å møte opp.  Er du saue- eller geitebonde og av ein eller annan grunn ikkje medlem, er det berre å møte opp likevel, oppfordrar Odd Bjarne - det vert høve til å melde seg inn på staden.

Tidspunkt for årsmøtet:               Laurdag 30. januar klokka 1030.