Tidlegare i haust flytta familien Mo/Godø, - Hallvar, Kristine og Sebastian,  inn i det gamle PP- huset på Stokke som ligg heilt inntil vegen.  Familien som eig huset flytta til Ørsta og dermed vart det ledigt og ein ung familie fekk seg husplass. Kristine og Sebastian er frå  Vigra og syntes det var spennande å flytte inn i Hjørundfjorden med høge fjell i sterk motsetnad til Vigra. Sebastian er 4 år og har vore her på besøk ein god del før, og har vorte  godt kjent, og han har også fått seg plass i barnehagen.

Sebastian såg med ein gong ein stor fordel ved å flytte til Bondalen, for her var det høge fjell og her kunne han endeleg få sin draum oppfylt, ved å klatre oppå eit av fjella våre, og dermed nå tak i månen.

 I slutten på November hadde han planlagt at no skulle han endeleg få ta tak i månen og veret var fint, men noko han ikkje hadde fått heilt med seg var at det nærma seg den tida mamma skulle på sjukehuset å få seg baby. Dermed måtte berre månen få være i fred, for no skulle han reise til sine aller beste venner på Vigra, nemleg mormor Ingeborg og morfar Magne for å være der nokre dagar.

 Etter ei lita veke kom mamma og Hallvar og henta han og då hadde dei med seg ein liten bror og det var stor stas og no må berre månen få være der han er, for Sebastian har meir enn nok å ta seg til, ved å passe veslebroren sin.


Hallvar,Kristine,Lisjegut og Sebastian_1

 Hallvar, Kristine og Sebastian er svært stolte av den nye vesleguten i familien.

Veslebroren var fødd på Volda sjukehus 27.November kl.23.34 og han var 51 cm lang og 3700 gr. tung. Alt står bra til, og no kosar familien seg seg på Stokke i Bondalen og det er ikkje lenge før vesle… -gut er på plass i barnehagen.

 Ja, namnet på guten er også på plass, men det er det presten som skal offentleggjere og veslebror skal døypast i begynnelsen i det nye året.

 

Gratulere til Hallvar, Kristine og Sebastian med vesleguten.