Det var til tider nødvendig å halde litt ekstra godt på notane, men korpset spelte berre nokre få songar før turen gjekk vidare til julemarknaden, så dette gjekk bra.

Ved grana 2009

Ein fin gjeng musikantar ved kyrkjegardsmuren.

Publikum 2009

I storsalen hadde vi plass til omlag 150 gjester. Vi hadde i tillegg laga til plass for 30 gjester i lisjesalen. I gangen var det sal av lodd og mat. Omlag 4000 tombolalodd går med i løpet av eit par timar på julemarknaden, i tillegg til årar og lodd på bok! Der var nok meir enn 200 personar på Grendahuset søndag ettermiddag.

Korpset speler 2009

Det tek litt tid å kome til ro når så mange skal i hus og kjøpe seg kaffi, mat og lodd på veg inn. Det vert eigenleg ikkje ro og det er heilt greit! Det tyder på at gjestane våre har det kjekt. Korpset har lært seg at her må det berre spelast sjølv om praten går. Og så viser det seg at gjestene våre høyrer etter dei! Korpset fekk applaus etter kvart nummer og det er kjekt for eit korps som for første gong på mange år er i stand til å underhalde på julemarknaden utan hjelp frå andre korps.

Trekking av gevinstar 2009

Korpset fekk særs mange gevinstar til marknaden. Vi trekte og trekte og dei yngste musikantane våre var ivrige etter å få dele ut til heldige vinnarar.

Vi prøver til gjengjeld å vere flinke og fortelje kven som har gitt oss kvar enkelt gevinst.

Komande aspirant?

Denne vesle guten hadde, til liks med ein del andre born, sett seg ut årets hovudpremie som var ei kjempeflott John Deere gravemaskin. Stor var sorga då den gjekk til ein vaksen mann som har ekte, store gravemaskiner heime som han kan leike seg med kvar dag...

Generasjonskorpset på Sæbø vil takke alle som har støtta oss med gevinstar, kjøp av lodd når vi har vore rundt på dørene og ikkje minst kjøp av mat og lodd på marknaden.

Vi vil også minne om at det er mogleg å støtte oss gjennom eit heilt år ved å velje Sæbø skulekorps som grasrotmottakar når ein leverer tippekupong / lottokupong til Norsk Tipping.

Med ønske om ei fredeleg adventstid.

Sæbø skulekorps / Generasjonskorpset på Sæbø.

2. søndag i advent