Mykje betre enn den dyraste krem,  dekkjer snøen til-  og jamnar ut naturens porar og rynker. Gjennom vinteren smørjer snøen seg lagvis på  og når våren kjem er dei villaste brear jamne som parkettgolv  og uframkomelege gjel har blitt omdanna  til det toppturentusiastane kallar flotte renner.

IMGP0562 - Kopi

...Når våren kjem er dei villaste brear jamne som parkettgolv.

 


Allereie no, før halvåret er gått, kan 16. mai utropast til ein av dei flottaste dagane i Hjørundfjorden i heile 2009.  For oss som har teke 0845-ferja frå Sæbø til Lekneset ligg ein spegelblank Norangsfjord til høgre i det vi passerer med bilane våre.  Liene er allereie grøne og mange blomar er på sitt vakraste.  Lenger oppe ligg snøen og ventar på oss. Det skal vise seg å bli ein flott dag – ein flott skidag. Målet er Brekketindane i ein eller annan variant.

På Indre Urke, der det står eit lite skilt på ein stolpe med påskrifta Hjellebakkane hyttefelt, tek vi av frå Rv. 655.  Vi køyrer oppover forbi dei flotte hyttene, forbi garden Klokk og vidare framover dalen etter ein god skogsveg.  Er du heldig og det er snøfritt kan du køyre heilt fram til startpunktet - inntaksdammen til Urke kraftverk, men vi møter bommen ved parkeringsplassen og må gå den siste strekninga på 1,1 km etter anleggsvegen. 

Brekketindane rundt

Frå inntaksdammen ser vi framover Langseterdalen Til høgre ligg Slogen, rett mot ser vi Geithornet.  Denne gongen skal vi opp i dalen som ligg til venstre for Geithornet, Sykkylvsdalen.  Så skal  vi vidare inn på Gullmorbreen. Dette er starten på turen som gjerne vert kalla Brekketindane rundt - det som må vere den vakraste ski-rundturen i vid omkrins.  Men må ein gå rundt Brekketindane på slik ein fin dag?

Renne

Råsa frametter Langseterdalen er lett å finne, men vi må gå over brua ved Langsetra før vi kan ta på ski.  Så er det berre å legge i veg i det tempoet som måtte passe.  Allereie oppe i Sykkylvsdalen ser  vi Brekketindane.  Kanskje vil nokre hevde at dette er Brekketindane si bakside. Om så - tindane er uansett storslagne.  Inne på Gullmorbreen går vi i skispora til to som er på  Brekketinden rundt-tur.  Vi, dvs. Ronny og Olav (Haugen) og underskrivne har nok etter kvart blikket meir retta mot ei renne som går opp i skaret vest for Store Brekketind. - Skal vi prøve…?

IMGP0577 - Kopi

Slogen, som må "ha den dristigste reisning" dukkar opp i bakgrunnen.  Olav (Haugen) ser vi nærast.

 

Vi nærmar oss den aktuelle renna, men først dukkar Slogen overraskande opp.  I motsetning til t.d. Kolåstinden endrar Slogen form berre du endrar synsvinkelen aldri så lite. Her frå Gullmorbreen, sett gjennom Geitskaret, må toppområdet av Hjørundfjorden sin mest vidgjetne topp ”ha den dristigste reisning” for å sitere ”fjellenes førsteelsker” Kristoffer Randers.

 

Stegjarn og isøks

Renna oppover er sjølvsagt bratt, Ronny måler den til å vere mellom 37 og 52 grader, men ser ein vekk frå tung pust, er det få problem å gå opp dei ca. 300 høgdemeterane frå Gullmorbreen. Rett nok møter vi det som den allereie nemnde Randers sikkert ville ha kalla ”en liten vanskelighet” øvst i renna,  men den er ikkje verre enn at kjenner eg dei rett, ville eminente renneskikøyrarar  som Bodil Ryste og Stig Helset ha runne  ned her utan store problem.

 

Så er vi ved punktet der dei fleste av rutene til Store Brekketind endar - i skaret vest for toppen.  Og kva med resten av turen opp?  For vel eitt år sidan var underskrivne i same området, men fann det best å snu 10-15 høgdemeter frå toppen p.g.a mykje nysnø og lite med tid.  No er det også snø, gammal rett nok, men alt er meir oversiktleg og resten av turen opp går også utan problem sjølv om konsentrasjonen må vere høg.  Det kan absolutt vere klokt å snu før ein når toppen nokre gonger, men jammen det er det godt å kome heilt opp også…

P5161079

I dette skaret rett vest for toppen, endar dei fleste av dei ulike rutene til Store Brekketind.  Fotoet av underskrivne, er det Olav Haugen som har teke.

 

C. W. Patchell sitt favorittfjell

I følgje bøkene var Store Brekketind favoritten til tindepioneren C. W. Patchell.  Han var på denne toppen heile 19 gonger ”både for dens enestående utsikt og for det rent sportslige i et herlig klatreterreng” for å sitere reisehandboka ”Sunnmøre” av Kristoffer Randers. Utsikta frå Store Brekketind er utan tvil storslagen, særleg mot sør, mot Lisje Brekketind, Slogen og Jakta.  Eller igjen for å seie dei på Randers-vis: ”I syd steiler Slogens og Jaktas utoverhengende nebb til værs.” 

IMGP0611 kopi

”I syd steiler Slogens og Jaktas utoverhengende nebb til værs.” Dei to nemnde toppane ser vi i venstre og øvre biletkant.  Ronny (Haugen) går dei siste metrane til toppen av Store Brekketind.

 

No er det slett ikkje berre dei gamle forfattarane som kan formulere seg godt. I boka ”Fotturar på Sunnmøre” seier forfattarane Standal/Hagen/Wangen det på denne måten:  ”Hesteskoen kring Brekketindbreen ligg og gaper som ei taggete røvegløfse”.  Betre kan det ikkje seiast om dette området sjølv om denne skrivaren aldri har sett ein slik reiskap.

5

Ronny i nedste del av renna vi gjekk opp - no med ski.

 

Vel nede i skaret igjen kan vi vel kanskje angre på at vi ikkje tok med skia hit opp – ein vårnedfart ned Brekketindbreen, altså på motsett side av Brekketindane, hadde ikkje vore å forakte.  Kanskje hadde det gått bra ned renna vi gjekk opp også i all den dag sola no har kome til og løyst opp eit passande lag med køyresnø.  Likevel, turen ned renna utan ski og stavar går fort unna og vi får også ta nokre gode svingar ned til Gullmorbreen og vidare heilt ned til Langsetra.  Sjølvsagt har vi allereie gløymt luggeføret nedst nede.

 

Takk for turen.

Fleire foto frå turen kjem under.  Klikk på bileta for å få dei store nok.

IMGP0545 - Kopi P5161042

Store Brekketind 16.5.09 004 IMGP0547 kopi 

IMGP0558 kopi IMGP0572 - Kopi

Store Brekketind 16.5.09 015IMGP0580 - Kopi

Store Brekketind 16.5.09 022 IMGP0587 kopi

IMGP0590 kopi IMGP0594 kopi

IMGP0595 kopi

Sykkylven i bakgrunnen

IMGP0596 kopi IMGP0598 kopi

Her har Ronny(nærast) og Olav starta på den siste strekninga frå skaret mot toppen.  På foto til høgre ser vi så vidt i ein skavl som sikkert hadde vore vanskeleg å kome forbi om vi hadde  gått opp renna aust for  den vi gjekk.

IMGP0600 kopi

IMGP0607 kopi


IMGP0616 kopi IMGP0624 kopi

IMGP0637 kopi IMGP0630 kopi

6 56.1

IMGP0650 kopi IMGP0657 - Kopi

Slitne, men lykkelege.


Copyright: Knut Hustad, Ronny og Olav Haugen