Nabovarselet om detaljprosjektering  som grunneigarar og naboar til den nye ferjekaia på Sæbø fekk frå Statens vegvesen v/seksjonssjef Håvard Parr Diommen i dag, opplyser at detaljprosjekteringa no er i gang.  Vidare vert det opplyst at det er sett av midlar i handlingsplanen for investeringar i 2011.  Det ser såleis ut til at Sæbø endeleg kan få ny ferjekai.

Statens vegvesen ønskjer å fylgje noverande reguleringsplan, dvs. at kaia er tenkt plassert i Sandvika.  Det vert berre søkt om "mindre avvik frå gjeldande reguleringsplan", dvs. at dei planlegg å vri ferjekaia litt meir mot aust enn det reguleringsplanen tilseier.

20080401_1995

Ferjekaia skal plasserast i dette området, dvs. i framgrunnen av fotoet.  Alle foto:  Ivar Svein Mo.

I brevet til grunneigarar og naboar skriv Statens vegvesen at dagens ferjekai er i svært dårleg forfatning og ei evt. utbetring av denne vil vere svært kostbart og lite framtidsretta.

Til brevet ligg det ved både kart og teikningar.  Det ligg også ved to foto av ferjekaia på Tustna.  Det er same type ferjekai som er planlagt på Sæbø.  Det kan også nemnast at det er planlagt gangveg til ferjekaia langs sjøen frå huset til Elisabet og Normann Dimmen.  Prosjektet omfattar elles ikkje berre ny ferjekai, men også ny oppstillingsplass for ferjekøa i tre filar og opparbeiding av veg med fortau på innsida av kaiområdet.  Rett innanfor kaia vil det verte snuplass/stopplass for lokalbuss.

Av kartet kan ein sjå at det er innteikna eit grøntareal mellom oppstillingsplassen for ferjekøa og vegen til Sæbøneset.

Til slutt i brevet skriv Statens vegvesen v/Håvard Parr Dimmen at dei gjerne tek mot innspel og synspunkt.  Fristen for å kome med merknadar er sett til 15. januar.

20080401_1994

Det er planlagt  gangveg frå Elisabet og Normann sin bustad (Nils Haugen) til den nye ferjekaia i Sandvika.