Eg prøvde meg med ei tekstmelding på laurdag; Arild, har du blitt "dobbel"pappa no? Svatet kom kjapt: -Nei.  Men det var ikkje så lang tid om å gjere.  I går, måndag 30. november ca. klokka 0430 skjedde det, Lisbeth Aklestad og Arild Aarseth fekk seg ei velskapt dotter.  Halvard fekk seg ei syster.

IMG_0068

Dei sjølvlaga julegåvene er best. Her er mamma Lisbeth med prinsessa, den nye familiemedlemen i Bårgarden på Årset.

Mamma Lisbeth er sjukepleiar og snart utdanna helsesyster.  Ho er  difor sikkert innprenta at det gjeld å spare pengar innan sjukehussektoren.  Kanskje var det det som gjorde at fødselen skjedde raskt.  Ca. klokka 0400 var mor og far komne til fødeavdelinga i Volda.  Ein halv time seinare var veslejenta fødd.

Foreldra visste ikkje på førehand om det var jente eller gut som skulle kome til verda.  - Akkurat det tenkte eg nesten ikkje på i det heile, seier pappa Arild, det viktigaste var at barnet var velskapt.  Så sant så sant.

Vi som er så heldige at vi har fått ein ny nabo kan berre gratulere Lisbeth og Arild så mykje.

IMG_0058

Nyejenta i Bårgarden.  Vitale mål: 48 cm, 3150 gram.  (Alle foto: Privat)