Marit Riise Olsen og resten av programkomiteen ynskjer deg hjarteleg velkomen til den tradisjonelle 3.dagsfesten på

  • Bondalen grendahus
  • 3. juledag (søndag 27. desember) klokka 2000. Dørene opnar klokka 1900.
  • Aldersgrense:  10. klasse

 

IMGP2546

Ikkje månelyst, men ein svært så hyggeleg julefest skal det verte

Det vert sjølvsagt servering av god mat - spekemat og det som høyrer til.  Festen har skjenkeløyve og  vin og øl, i tillegg til brus, vert å få kjøpt. Baren opnar klokka 1900.

Festkomiteen kan love dei faste postane, t.d. får vi vite kven som vert årets bondaling, vi får vite kva som har skjedd i dalen - sett med eit skråblikk - vi heidrar vinnaren av årets julekalender og ikkje minst vert det både sketsjar og anna underhaldning frå scena.

Dans til musikk frå dansebandet Midi og Guro Håvik.

Alle som er frå  Hjørundfjorden - og resten av landet - er hjarteleg velkomne.  

Billettar vert å få kjøpt på Bellingen, Sæbø, fram til fredag 18. desember.               Pris pr. billett:  Kr. 250,-    

Den som kjøper lodd kan også vinne fine gevinstar.

 

Med helsing festkomiteen.